Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 29 (2000-2001)

Om endringar på statsbudsjettet for 2000 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om å endre løyvingane på ulike postar under Utanriksdepartementets budsjett. For programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om endringar i løyvingane knytta til offisielle statsbesøk og kontingentar til internasjonale organisasjonar.

Innanfor utviklingshjelpa under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordelingar på 120,9 mill. kroner. Endringsforslaga innanfor utviklingshjelpa blir fremma for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret, og for å støtte viktige humanitære tiltak. Det er blitt ledige midlar til omfordeling på grunn av at ODA-godkjente utgifter til flyktningar i Norge i år blir mindre enn rekna med, jf. og omtale i St.prp. nr. 5 (2000-2001) frå Utanriksdepartementet, St. prp. nr. 27 (2000-2001) frå Kommunal- og regionaldepartementet og St. prp. nr. 15 (2000-2001) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Til toppen
Til forsida av dokumentet