St.prp. nr. 29 (2006-2007)

Om endringar av løyvingar i 2006 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv.

Til innhaldsliste

1 Om endringar av løyvingar i 2006 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv.

Kap. 1020 Havforskningsinstituttet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Havforskningsinstituttet har dei seinare åra hatt ein monaleg vekst i den eksterne oppdragsverksemd. I tillegg har forskningskvotane hatt ein viss auke i kvantum, medan dei oppnådde prisane for forskingsfangsten har auka til dels mykje. Inntektene frå forskningskvotane brukast til innleige av fartøy til forskingstokt som supplement til instituttet sine eigne fartøy. Denne aktiviteten vart til og med 2005 rekneskapsførd på kap. 1021 post 01 mot tilsvarande inntekter på kap. 4021 post 03. Frå 2006 har Fiskeri- og kystdepartementet i samråd med Havforskingsinstituttet funne det mest formålstenleg at denne aktiviteten rekneskapsførast på kap. 1020 post 01 mot tilsvarande inntekter på kap. 4020 post 01.

For å ivareta omsynet til realistisk budsjettering må det gjerast ei justering av inntekts- og utgiftssida på dei kapitlar og postar i 2006 som er knytt til dette. Samla er det pga. auka oppdragsverksemd, auka nivå på inntekter og utgifter frå forskingskvotar og innleige av leigefartøy samt overflytting av løyvingar knytt til forskingskvote/leigefartøy frå kap. 1021/4021 til kap. 1020/4020, nødvendig å gjere desse endringane:

Kap./postGjeldande løyving 2006Forslag til auke/reduksjon (-)Ny løyving for 2006
1020/21139 245 000135 755 000275 000 000
4020/03139 245 000135 755 000275 000 000
1021/2185 135 000- 35 135 00050 000 000
4021/0185 140 0001- 35 140 00050 000 000

1 Ved ein inkurie vart det i statsbudsjettet for 2006 eit avvik på 5 000 kroner mellom kap. 1021 post 21 og kap. 4021 post 03 (løyvinga på desse postane skal vere identiske). Det fremjast forslag om at dette for ordens skuld rettast opp samtidig.

Det vil måtte gjerast tilsvarande endringar i 2007, noko som vil bli vurdert i samband med revidert budsjett 2007.

På bakgrunn av dette fremjast det forslag om at kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter aukast med 135,755 mill. kroner i 2006, mot ein tilsvarande auke av kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter.

Kap. 1021 Drift av forskningsfartøyene

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det visast til omtale under kap. 1020 post 21 over. Det fremjast forslag om at kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter reduserast med 35,135 mill. kroner i 2006, og at kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter reduserast med 35,140 mill. kroner.

Kap. 1070 Samfunnet Jan Mayen

Post 01 Driftsutgifter

Samfunnet Jan Mayen drivast av Forsvarets logistikkorganisasjon/IKT (FLO/IKT) på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet.

Innkjøp og sal av varer til stasjonspersonellet på Jan Mayen drivast i regi av FLO/IKT, og har til no blitt rekneskapsførd ved bruk av ein eigen balansekonto i rekneskapen til FLO/IKT. Det er no gjort ei ny vurdering av korleis denne aktiviteten bør handterast budsjetteknisk. Vurderinga tilseier at det bør leggjast opp til ei ordinær bruttoføring av denne aktiviteten. Det vil måtte gjerast tilsvarande endringar i 2007, noko som vil bli vurdert i samband med revidert budsjett 2007.

På bakgrunn av dette fremjast det forslag om å auke løyvinga på kap. 1070 post 01 Driftsutgifter med 600 000 kroner i 2006, mot tilsvarande løyving på kap. 4070 post 01 (Ny) Inntekter fra kioskdrift.

Kap. 4020 Havforskningsinstituttet

Post 03 Oppdragsinntekter

Det visast til omtale under kap. 1020 post 01. På grunn av auka oppdragsverksemd, auka nivå på inntekter og utgifter frå forskingskvotar og innleige av leigefartøy samt overflytting av løyvingar knytt til forskingskvote/leigefartøy frå kap. 1021/4021 til kap. 1020/4020 er det nødvendig å auke løyvinga på kap. 1020 post 01 med 135,755 mill. kroner i 2006 mot tilsvarande auke på kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter.

På bakgrunn av dette fremjast det forslag om å auke løyvinga på kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter med 135,755 mill. kroner i 2006.

Kap. 4021 Drift av forskningsfartøyene

Post 01 Oppdragsinntekter

Det visast til omtale under kap. 1020 post 01. På grunn av auka oppdragsverksemd, auka nivå på inntekter og utgifter frå forskingskvoter og innleige av leigefartøy samt overflytting av løyvingar knytt til forskingskvote/leigefartøy frå kap. 1021/4021 til kap. 1020/4020 er det nødvendig å redusere løyvinga på kap. 1021 post 01 med 35,135 mill. kroner i 2006 og redusere løyvinga på kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter med 35,140 mill. kroner.

På bakgrunn av dette fremjast det forslag om å redusere løyvinga på kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter med 35,14 mill. kroner i 2006.

Kap. 4062 Kystverket

Post 01 Gebyrinntekter

Som følgje av lønskompensasjonen for 2006 er det behov for å auke løyvinga på kap. 4062 post 01 med 11,52 mill. kroner. Det fremjast derfor forslag om at løyvinga på kap. 4062 post 01 aukast med 11,52 mill. kroner i 2006.

Post 03 Inntekter fra salg av fyreiendommer

Status for avhending av fyreigedomar

Bondevik II-regjeringa fremja i St.prp. nr. 1 (2004-2005) og i St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Fiskeri- og kystdepartementet forslag om sal av fyreige­domar for 10 mill. kroner i 2005 og 2 mill. kroner i 2006. Som følgje av forseinkingar knytte til sal av fyr vart Stortinget i St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2006 orientert om at det berre vart oppnådd ei inntekt på 2,851 mill. kroner i 2005, og at det var venta ei inntekt på 9,15 mill. kroner i 2006. Inntektskravet på kap. 4062 post 03 Inntekter fra salg av fyreiendommer vart derfor foreslått auka til 9,15 mill. kroner i 2006.

Det er hittil i 2006 inngått avtale om sal av fyreigedomar for 5,733 mill. kroner, slik at det står att eit inntektskrav knytt til sal av fyreigedomar på 3,417 mill. kroner i 2006.

Retningsliner for forvalting av fyreigedomar

Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket har på bakgrunn av prosjektet «Statens kultur­historiske eiendommer» starta arbeidet med ein gjennom­gang av Kystverket sin eigedomsmasse, medrekna eigedomar som er eller har vore brukt av fyrtenesta. Siktemålet med dette arbeidet er å utarbeide ein landsverneplan for etaten sine eigedomar. Det er ingen klar definisjon av kva som skal reknast for ein fyreigedom. Dette vil bli gjort som ein del av dette prosjektet. Prosjektet ventast avslutta i løpet av 2007.

Regjeringa foreslår å stoppe vidare avhending av fyr. Kystverket bør fort­sett stå som eigar av fyreigedomar. Det blir likevel foreslått å opne for over­føring av fyreigedomar til Direktoratet for naturforvalting der det er viktige naturvernomsyn, og der Kystverket ikkje har tenestleg behov for eigedomen. Fyreigedomar som Kystverket ikkje har tenestleg behov for, blir leigde ut med sikte på å gjere desse tilgjengelege for allmenta.

Fyreigedomane blir ofte sett på som viktige og spesielle for regionen og lokal­samfunnet og utløyser også som regel frivillig innsats gjennom lag og foreiningar. Utleige av fyreigedomar vil bli vidareførd. Føresetnaden for alle nye leigeforhold er at eigedomane skal opnast for allmenta.

Det er i dag inngått om lag 64 leigekontraktar. I tillegg vil det vere ytterlegare fyreige­domar som vil kunne leigast ut. For å sikre god kontakt med lokalt og regionalt nivå foreslår Regjeringa at Kystverket kontaktar kommuner/fyl­kes­kommuner først i den vidare prosessen der nye eigedomar skal leigast ut. Dermed får lokalt/­regionalt nivå høve til sjølv å vurdere om ein ønskjer å gå inn i et leigefor­hold.

Dersom det ikkje er interesse frå lokalt/regionalt forvaltingsnivå bør foreningar med allmen­nyt­tige førmål kontaktast. Dersom det ikkje er interesse frå nokon av dei ovannemnte, kan utleige til private vurderast.

Leigar forpliktar seg til å vedlikehalde bygningsmassen. Kystverket vil sjølv vere ansvarleg for dei navigasjonstekniske installasjonane.

Budsjettmessige konsekvensar i 2006

Forslaget om å stoppe vidare sal av fyreigedomar inneber at resterande inntektskrav på kap. 4062 post 03 Inntekter fra salg av fyreiendommer på 3,417 mill. kroner ikkje vil bli innfridd.

Det fremjast derfor forslag om å å redusere løyvinga på kap. 4062 post 03 Inntekter fra salg av fyreiendommer 3,417 mill. kroner i 2006.

Kap. 4070 Samfunnet Jan Mayen

Post 01 (Ny) Inntekter fra kioskdrift

Det visast til omtale under kap. 1070 post 01. Det fremjast forslag om ei løyving på 600 000 kroner på post 01 (Ny) Inntekter frå kioskdrift i 2006.