St.prp. nr. 3 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen si avgjerd nr 59/97 av 31. juli 1997 om endring av vedlegg XVII til EØS-avtala (Opphavsrett)

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

Ved EØS-komitéen si avgjerd nr 59/97 av 31. juli 1997 (Vedlegg 1) vart rådsforordning (EF) nr 1610/96 om innføring av et supplerende beskyttelsessertifikat for plantefarmasøytiske produkter teken inn i EØS-avtala. Forordninga vil gå inn i vedlegg XVII (om opphavsrett) til EØS-avtala. Fordi gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komitéen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget.

Forordninga, som ligg ved i norsk tekst (Vedlegg 2), svarar i hovudsak til rådsforordning (EØF) nr 1768/92 om innføring av et supplerende beskyttelsessertifikat for legemidler, som vart teken inn i EØS-avtala ved EØS-komitéen si avgjerd nr 7/94 av 21. mars 1994 (nemnd i St prp nr 40 (1993-94)).

Gjennomføringa av forordninga inneber at det må gjerast endringar i lov av 15. desember 1967 nr 9 om patenter (patentlova). Det må òg gjerast nokre endringar i forskrift av 20. desember 1996 nr 1162 om patenter (patentforskrifta) og i forskrift av 20. desember 1996 nr 1164 om avgifter til Patenstyret etter lovgivningen om industrielt rettsvern. Dei tilpassingane som må gjerast i samband med gjennomføringa av forordninga, skal leggjast fram for Stortinget i ein eigen proposisjon frå Justisdepartementet.

Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget oppmoda om å samtykkje i at EØS-komitéen si avgjerd nr 59/97 av 31. juli 1997 vert godkjend.