St.prp. nr. 3 (1999-200)

Om samtykke til å setje i kraft ein tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike av 19. desember 1980 med tilleggsavtalar av 14. november 1984 og 7. april 1995, underskriven i Oslo den 16. september 1999

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 16. september 1999 blei det i Oslo underskrive ein tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike av 19. desember 1980 slik denne avtalen lyd med endringane av 14. november 1984 og 7. april 1995. Samtykke til underskriving blei gitt i Kongeleg resolusjon av 20. august 1999. Tilleggsavtalen blei på vegner av Noreg underskriven av utanriksråd Bjarne Lindstrøm og på vegner av Frankrike av ambassadør Patrick Henault.

Kvar stat skal gi den andre melding om når dei nødvendige stega er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Tilleggsavtalen vil tre i kraft på den første dagen i den andre månaden som følgjer etter dagen då den siste av desse meldingane er mottekne. Tilleggsavtalen vil få verknad for inntekter mottekne frå og med 1. januar 2000. Artikkel 1 punkt 4, som gjeld dei franske kultursentra Centres Culturels Français, vil få verknad for inntekter mottekne frå og med 1. januar 1997.

Til toppen
Til forsida av dokumentet