Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 30 (2002-2003)

Om endringar på statsbudsjettet for 2002 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

I denne proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2002.

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det berre foreslått mindre endringar, jf. omtale nedanfor.

På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 146,35 mill. kroner.

På kap. 197 Støtte til ikkje ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak blir løyvinga foreslått redusert grunna mindre innbetaling enn tidlegare lagt til grunn til Verdsbankens karbonfond.

Kap. 101 Utanriksstasjonane

Post 01 Driftsutgifter

I samband med avviklinga av næringsrådstillinga ved delegasjonen i Genève blir det gjort framlegg om at kr 667 000 blir overført frå Utanriksdepartementet sitt budsjett til Nærings- og handelsdepartementets budsjett.

ODA-godkjend utviklingshjelp

Kap. 140 Utanriksdepartementets administrasjon av utviklingshjelpa

Post 01 Driftsutgifter

Det blir gjort framlegg om å gi kr 2 400 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2002. I tillegg blir det gjort framlegg om tilleggsløyving på kr 500 000 til dekking av meirutgifter i samband med fredsprosessen i Sudan. Kr 2 000 000 av naudsynte tilleggsmidlar vil bli finansiert ved omdisponering av overført beløp frå 2001 på ymseposten, kap. 166, post 70, jf. departementsfullmakt 111, pkt. 6 i B.innst. S. nr. 3 (2001-2002). Resterande del av tilleggsbehovet, kr 900 000 blir foreslått gitt som tilleggsløyving.

Det blir gjort framlegg om ein samla auke på 0,9 mill. kroner.

Kap. 141 Direktoratet for utviklingssamarbeid (NORAD)

Post 01 Driftsutgifter

Det blir gjort framlegg om å løyve 3,2 mill. kroner som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2002.

Kap. 142 NORADs administrasjon av utanriksstasjonane

Post 01 Driftsutgifter

Det blir gjort framlegg om å løyve kr 1 250 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2002.

Kap. 143 Utanriksdepartementets administrasjon av utanriksstasjonane

Post 01 Driftsutgifter

Det vil bli gitt kr 750 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2002. Naudsynte tilleggsmidlar vil bli finansiert ved omdisponering av overført beløp frå 2001 på ymseposten, kap. 166, post 70, jf. departementsfullmakt 111 pkt. 6 i B.innst. S. nr. 3 (2001-2002).

Kap. 150 Hovudsamarbeidsland

Post 75 Bangladesh, kan overførast

Bangladesh er eit av Noregs hovudsamarbeidsland og difor høgt prioritert. Styresettsituasjonen i landet har vanskeleggjort det pågåande utviklingssamarbeidet. Gjennomføringskapasiteten i forvaltningsapparatet er svak og framdrifta i prosjektgjennomføringa har i år vore svært dårleg. I tillegg medfører korrupsjonsproblema i Bangladesh tilsvarande vanskar. Desse tilhøva har medført at fleire norskfinansierte prosjekt ikkje kan gjennomførast som planlagt, spesielt gjeld dette prosjekt innan utdanningssektoren og prosjekt knytta til menneskerettar.

Regjeringa gjer difor framlegg om at landramma blir redusert med 74 mill. kroner.

Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling

Post 01 Driftsutgifter

Det er behov for auka midlar til informasjon om utviklingssamarbeidet, i hovudsak i tilknyting til 50-årsmarkeringa av norsk utviklingshjelp i år.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 1 mill. kroner.

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast

Det er venta ei ytterlegare forverring av matvarekrisa i det sørlege Afrika, og ei matvarekrise av stort omfang er under utvikling på Afrikas Horn. I begge regionane er ei omfattande sveltkatastrofe på gang. Det er difor behov for meir støtte både gjennom FN-systemet og dei norske humanitære organisasjonane som er aktive i området. Vidare er det behov for større innsats for førebygging av naturkatastrofar, ikkje minst i Afrika, men og i Asia og Latin-Amerika.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 30 mill. kroner.

Post 71 Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast

Omfattande humanitære behov har medført stort forbruk på den humanitære løyvinga i år. Trass i store humanitære kriser i andre delar av verda er Afrika framleis kontinentet med dei største humanitære behova. Den akutte finansieringskrisa for UNHCR sine program har særleg gått ut over innsatsen for flyktningar i Afrika. Her vil Noreg vere med på å betre situasjonen. I Sudan opplever ein nye straumar av internt fordrivne. Kamphandlingar i Den demokratiske republikken Kongo og generelt i Great Lakes-området medfører store menneskelege lidingar og eit auka flyktningproblem. Den uavklarte situasjonen i Vest-Afrika knytt til opprøret i Elfenbeinskysten kan føre til behov for større humanitær innsats.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 16 mill. kroner.

Kap. 164 Fred, forsoning og demokrati

Post 70 Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast

Den omfattande norske støtta til fred, forsoning og demokratitiltak gjer at løyvinga for 2002 er disponert. Ikkje minst har det norske engasjementet i fredsprosessen på Sri Lanka, med m.a. oppretting av ein observatørstyrke, medverka til dette. Vårt omfattande engasjement i Midtausten krev også mykje ressursar.

Noreg har og eit aktivt engasjement i konflikten mellom Etiopia og Eritrea, og den sentrale rolla Noreg har i Tryggingsrådet både når det gjeld Etiopia/Eritrea og Somalia krev ressursar. Det same gjeld det norske engasjementet i fredsprosessen i Sudan som og omfattar finansiering av våpenkvileobservatørar. På alle desse områda er det behov for meir midlar.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 10 mill. kroner.

Post 71 ODA-godkjente land på Balkan og andre ODA-godkjente OSSE-land, kan overførast

Parisklubben underteikna i 2001 ein avtale som regulerer tilbakebetalingane av Jugoslavia si gjeld til utanlandske kreditorar, mellom andre Noreg. For Noregs del gjeld dette kredittar som er garantert av Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK) og eit statslån gitt av Finansdepartementet i 1983. Det er gitt gjeldslette for den delen av GIEKs fordringar som skal ettergis i 2002. Gjeldsletten er gitt utan løyving i samsvar med den utvida gjeldsplanen, jf. romartalsvedtak XI i St. prp. nr. 1 (2001-2002) for Utanriksdepartementet.

Gjeldsletten knytta til Finansdepartementet si fordring utgjer til saman 15 mill. kroner og inngår ikkje i den utvida gjeldsplanen. For 2002 foreslås difor 11,8 mill. kroner av dette beløpet dekka innanfor løyvinga på kap. 164, post 71 ODA-godkjente land på Balkan og andre ODA-godkjente OSSE-land.

Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering

Post 01 Driftsutgifter

Det vil bli mindre utbetalingar til kjøp av konsulenttenester i år enn rekna med.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 3,846 mill. kroner.

Kap. 166 Tilskot til ymse hjelpetiltak

Post 70 Ymse tilskot, kan overførast

Disponibel løyving på posten blir foreslått redusert med 12,3 mill. kroner.

Reduksjonen blir foreslått gjennomført ved at ordinær løyving for 2002 blir redusert med kr 9 504 000. Vidare blir overført beløp frå 2001 til 2002 redusert med kr 2 750 000 ved departementsfullmakt, jf. omtale under kap. 140 og kap. 143. Ved departementsfullmakt er det tidlegare omdisponert 1,665 mill. kroner til andre postar. Disponibel løyving på posten utgjer etter dette kr 3 835 000.

Post 71 Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m., kan overførast

Det er mindre behov for midlar til oppfølging og støtte til utviklingsland si deltaking i internasjonale prosessar og konvensjonar enn rekna med.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,5 mill. kroner.

Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar

Post 70 Verdsbanken, kan overførast

I IDA13-forhandlingane som blei avslutta 1. juli 2002 vart det vedteke at SDR 10,02 milliardar av påfyllinga skulle kome gjennom nye bidrag frå gjevarlanda. På heile 1990-tallet låg Noregs andel på 1,42 % av total påfylling. Noregs utanriksøkonomiske stilling blei i same perioden radikalt forbetra. Vidare har IDAs utlånspolitikk dei siste ti år utvikla seg raskt og er i dag i stor grad i samsvar med norsk utviklingspolitikk. På bakgrunn av dette aksepterte ein frå norsk side å auke delen av påfyllinga til 1,52 %. Vidare har valutakursendringar medført ein ytterlegare auke i Noregs del (bidraga er rekna ut frå gjennomsnittlege valutakursar i perioden 1. april - 30. september 2001). Sluttresultatet inneber bidrag frå Noreg på 1751,27 mill. kroner over tre år, som svarar til ei årleg innbetaling på om lag 584 mill. kroner. Dette er pliktige bidrag. Det vil om kort tid bli fremma eigen proposisjon om IDA13-forhandlingane.

Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 84 mill. kroner.

Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast

Det blir mindre utbetalingar til fleire regionale bankar og fond enn rekna med grunna valutakursendringar.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 5,8 mill. kroner.

Kap 173 Støtte til prioriterte tema via multilaterale kanalar

Post 73 Miljø og energi, kan overførast

Det er mindre behov for midlar enn rekna med, mellom anna til fondet for miljø, sosial utvikling og fattigdom i Verdsbanken.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 22,8 mill. kroner.

Post 74 Godt styresett, kan overførast

Det er mindre behov for midlar enn rekna med, mellom anna på grunn av avvikling av det norske konsulentfondet i UNDP.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 27,9 mill. kroner

Anna hjelp - ikkje ODA-godkjend

Kap. 197 Hjelp til ikkje-ODA godkjende land og internasjonale miljøtiltak

Post 76 Tilskot til internasjonale klima- og miljøtiltak, kan overførast

På årsmøtet til Verdsbankens karbonfond vart det vedteke at det ikkje vil bli påfylling av kapital inneverende år. For 2002 er det sett av 11,5 mill. kroner til påfylling i fondet over denne posten.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på posten på 11,5 mill. kroner.

Til toppen
Til forsida av dokumentet