St.prp. nr. 30 (2004-2005)

Om utbygging og finansiering av rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy - Hundvåkøy) i Hordaland

Til innhaldsliste

3 Bompengesøknad og lokalpolitisk handsaming

3.1 Bompengesøknad

Søknad om bompengefinansiering av prosjektet blei handsama av Vegdirektoratet i november 1996. Saka blei då sendt tilbake til Hordaland vegkontor i påvente av handlingsprogrammet for perioden 1998-2007. Vegdirektoratet mottok ein ny søknad om bompengefinansiering i juni 1998. Vegdirektoratet konkluderte med at det ut i frå dei rammene som låg til grunn for handlingsprogrammet for Hordaland fylke, ikkje ville vere grunnlag for å realisere anlegget før i 2007, jf. St.prp. nr. 60 (1999-2000). Det ville derfor ikkje vere i samsvar med dei retningslinjene som Stortinget har fastlagt, å fremje ein stortingsproposisjon om førehandsinnkrevjing av bompengar før prosjektet blei prioritert i handlingsprogrammet for perioden 2002-2011. Eit avgrensa prosjekt om utlegging av stein i fyllingar mellom Huftarøry og Hundvåkøy blei fremja i den same proposisjonen, jf. kap. 2.

Ein ny bompengesøknad blei fremja av Austevoll bruselskap AS 11.01.2002. I bompengesøknaden var det føresett at bompengeselskapet skulle forskottere føresette statlege midlar på 148 mill. kr (2004-kroner). Finansieringsplanen innebar ei statleg løyving på 21 mill. kr i perioden 2002-2011, og resten, til saman 127 mill. kr, etter 2011. I bompengesøknaden er det lagt opp til at forskotsinnkrevjing av bompengar i ferjesambanda Krokeide - Hufthamar - Austevollshella og Husavik - Sandvikvåg blir starta så snart Stortinget har handsama saka. Etter at Austevollsbrua er opna opp for trafikk, vil sambandet mellom Hufthamar og Austevollshella bli lagt ned, og det er lagt opp til at etterskotsinnkrevjinga blir avgrensa til sambanda Krokeide - Hufthamar og Husavik - Sandvikvåg. I bompengesøknaden er det lagt til grunn 3 års forskotsinnkrevjing og 12 års etterskotsinnkrevjing, slik at bompengeperioden totalt blir på 15 år.

Vegdirektoratet handsama saka i april 2003 og meinte at statlege midlar til finansieringa av Austevollsbrua måtte vere prioriterte av fylkeskommunen innafor eit fastlagt handlingsprogram. I handlingsprogrammet for perioden 2002-2011 var det berre prioritert 21 mill. kr til prosjektet. Finansieringsopplegget ville etter Vegdirektoratet sitt syn gi store bindingar etter planperioden 2002-2011 og følgjeleg ikkje vere i samsvar med dei retningslinjene som Stortinget har fastlagt.

For å unngå at prosjektet skulle bli utsett i tid, blei fullfinansiering med alternativ bruk av ferjetilskot vurdert etter samråd med Austevoll kommune. I tillegg blei konsekvensane av eit nytt ferjeopplegg vurdert med omsyn til kapasitet, frekvens og oversitting. Vurderingane blei sende på høyring i august 2003. Fleire ulike ferjealternativ blei vurdert. Alternativet som gav den største innsparinga av ferjetilskot på grunn av overgang frå to til ei ferje blei tilrådd av Statens vegvesen (alternativ 2), under føresetnad av at ei større ferje kan omrokerast til sambandet.

3.2 Lokalpolitisk handsaming

Bompengesøknaden av 11.01.2002 blei sendt til politisk uttale i Austevoll, Bergen og Fitjar kommunar og Hordaland fylkeskommune.

Austevoll kommune fatta følgjande vedtak i møte i kommunestyret 05.02.2002:

  1. «Austevoll kommunestyre ser ferdigstilling av veganlegget Huftarøy - Hundvåkøy (Austevollsbrua) som svært viktig for heile Austevollsamfunnet. Dette veganlegget vil knyta heile kommunen saman på ein heilt anna måte enn i dag. Det vil koma både næringslivet og det offentlege til gode. I tillegg vil det gi rom for positive ringverknader for heile samfunnet vårt.

  2. Austevoll kommunestyre viser difor til søknad frå Austevoll bruselskap AS om innkrevjing av bompengar til delfinansiering av Rv 546 Huftarøy - Hundvåkøy (Austevollsbrua), og godkjenner søknaden slik han ligg føre.»

Fitjar kommune gav følgjande uttale i møte i formannskapet 06.03.2002:

«Formannskapet i Fitjar er positive til Austevoll bruselskap og Austevoll kommune sin søknad om bompengefinansiering. Formannskapet ser bygging av Austevollsbrua som ei naudsynt styrking av ytre kystveg, Nordsjøløypa og elles sambandet nordover.»

Bergen kommune gav følgjande uttale i møte i byrådet 10.04.2002:

«Byrådet i Bergen mener at behovet for rabattordninger må vektlegges, men har ellers ingen innvendinger til bompengefinansieringen av Austevollsbroen».

Hordaland fylkeskommune fatta følgjande vedtak i møte i fylkestinget 12.06.2002:

  1. «Fylkestinget godkjenner bompengesøknaden frå Austevoll bruselskap AS for delfinansiering av Austevollsbrua i samsvar med tilrådinga frå vegsjefen.

  2. Fylkestinget går inn for at Austevoll bruselskap AS får løyve til å forskottere 140 mill. kr 2002-kroner innafor fylkesfordelt riksvegramme og at midlane vert refundert selskapet med statlege løyvingar i åra 2011, 2012 og 2013.»

Det reviderte opplegget av august 2003, med alternativ bruk av ferjetilskot og redusert ferjeopplegg, blei sendt på høyring til Austevoll og Bergen kommunar og Hordaland fylkeskommune.

Austevoll kommune handsama saka i møte i kommunestyret 22.10.2003. I vedtaket heiter det:

«Austevoll kommunestyre meinar at Austevollsbrua er så viktig for Austevollssamfunnet at kommunestyret vil godta redusert ferjefrekvens. Kommunestyret går såleis primært inn for alternativ 2 i rapporten om bruk av innsparde ferjekostnader til finansiering av Austevollsbrua.»

Austevoll kommunestyre oppmoda vegstyresmaktene om å setje i gang planarbeidet så snart som mogleg, og viste i den samanhengen til vedtak i kommunestyret om å løyve 2,5 mill. kr til dette føremålet.

Bergen kommune handsama saka i møte i byrådet 17.12.2003 og gav følgjande uttale:

«Byrådet viser til vedtak i Austevoll kommunestyre, 22. oktober 2003, og fylkesutvalget 19. november, og går inn for alternativ 2 i rapport om bruk av innsparte fergekostnader til delfinansiering av Austevollsbrua.»

Hordaland fylkeskommune fatta følgjande samrøystes vedtak i møte i fylkesutvalet 19.11.2003:

  1. «Fylkesutvalet viser til vedtak i Austevoll kommunestyre, 22. oktober 2003, og går inn for alternativ 2 i rapport om bruk av innsparde ferjekostnader til delfinansiering av Austevollsbrua.

  2. Fylkesutvalet viser til Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett for 2003 (Innst.S.nr.260 (2002-2003)), der det vart vedteke å gi tilsagn om bygging av fire nye ferjer. Fylkesutvalet føreset at dei nye ferjene skal nytte naturgass som drivstoff, og m.a settast inn i sambandet E39 Halhjem-Sandvikvåg. I samband med ei slik fornying av ferjeflåten må ei av dagens storferjer på dette sambandet flyttast til sambandet Rv546 Krokeide -Hufthammar for gjennomføring av det aktuelle opplegget med innsparte ferjekostnader.»