St.prp. nr. 31 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 103/2002 av 12. juli 2002 om endring av vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala om innlemming av direktiv 2001/107/EF (reglar om forvaltingsselskap og forenkla prospekt) og direktiv 2001/108/EF (investeringar gjort av investeringsføretak) av 21. januar 2002

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 103/2002 av 12. juli 2002 vart vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala endra for å innlemme:

  • europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/107/EF av 21. januar 2002 om endring av rådsdirektiv 85/611/EØF om samordninga av lover, forskrifter og administrative føresegner om føretak for kollektiv investering i omsetjelege verdipapir (UCITS) med tanke på regulering av forvaltingsselskap og forenkla prospekt,

  • europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/108/EF av 21. januar 2002 om endring av rådsdirektiv 85/611/EØF om samordninga av lover, forskrifter og administrative føresegner om føretak for kollektiv investering i omsetjelege verdipapir (UCITS) med omsyn til investeringar gjort av investeringsføretak.

Føremålet med direktiv 2001/107/EF er å fastsetje eit prinsipp om ymsesidig godkjenning (såkalla «single passport») for forvaltingsselskap for verdipapirfond og reglar om forenkla prospekt som utan oppmoding skal gjevast dei som ønskjer å teikne delar i fondet. Føremålet med direktiv 2001/108/EF er å utvide investeringstilgangen med omsyn til kva finansielle instrument eit verdipapirfond kan investere i.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for Stortinget sitt samtykke ettersom gjennomføringa i norsk rett krev ei lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget vert ved denne proposisjonen bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 103/2002.

Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/107/EF og 2001/108/EF av 12. juli 2002 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Til forsida