St.prp. nr. 33 (2006-2007)

Tromsøpakke 2— - utviding av ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å utvide ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø, jf. omtale av saka i St.prp. nr. 1 (2006-2007). Framlegget inneber at dagens innkrevjingsordning blir utvida med fire år fram til 31. juli 2012.

Dagens innkrevjingsordning starta opp 1. august 2004 og gjeld i fire år fram til 31. juli 2008, jf. St.prp. nr. 62 (2003-2004), Innst. S. nr. 222 (2003-2004), og St.prp. nr. 1 (2004-2005). Dei viktigaste prosjekta i den vedtekne ordninga er utbetring av Langnestunnelen og bygging av gang- og sykkelveg over Sandnessundbrua. I tillegg er det lagt opp til ei satsing på andre gang- og sykkelvegtiltak, trafikktryggleikstiltak, miljøtiltak og kollektivtrafikktiltak.

Tromsø kommune og Troms fylkeskommune har i samarbeid med Statens vegvesen utarbeidd eit forslag til ei utvida Tromsøpakke 2. Bakgrunnen for framlegget om å utvide den gjeldande ordning er at eitt av dei store prosjekta i pakka, Langnestunnelen, er blitt dyrare enn føresett. Dermed blei satsinga på andre tiltak i pakka svekka. I tillegg ønskjer Tromsø kommune å endre profilen i Tromsøpakke 2 slik at det blir ei reell satsing på tiltak for å betre miljø og trafikktryggleik. Tromsø kommune har derfor søkt om å forlenge innkrevjingsperioden frå fire til åtte år for å sikre eit finansieringsgrunnlag for dei høgast prioriterte prosjekta i Tromsøpakke 2.

Finansieringsopplegget tek utgangspunkt i det opphavelege forslaget for åtte år. I tillegg er det lagt til grunn auka inntekter frå drivstoffavgifta og overførte midlar frå Tromsøpakke 1.

Til toppen
Til forsida av dokumentet