St.prp. nr. 37 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-EØS-statane i ei fellesskapsordning for sivil krisehandtering

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 gjeld innlemming i EØS-avtala av rådsvedtak av 23. oktober 2001 om skiping av ei fellesskapsordning for å styrkje samarbeidet om hjelpeaksjonar innan katastrofevernebuing (2001/792/EF, Euratom). Vedtaket endrar protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte felles samordning av sivil krisehandtering.

Norsk deltaking i ordninga inneber plikt til å løyve midlar over fleire år. Då EØS-komiteen vedtok å ta avgjerda om ordninga inn i EØS-avtala, gav Noreg dei andre avtalepartane melding om at dei forfatningsrettslege krava måtte vere stetta i Noreg før avgjerda kunne verte bindande, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

Fellesskapsordninga vil supplere fellesskapshandlingsprogrammet for sivil vernebuing, og fell inn under den same styringskomiteen under Europakommisjonen som handlingsprogrammet. På denne måten vil fellesskapsordninga og handlingsprogrammet kunne utfylle kvarandre og samordnast. Noreg har teke del i fellesskapshandlingsprogrammet for sivil vernebuing sidan 1998, og skal òg ta del i den neste programperioden 2000-2004 (jf. St.prp. nr. 45 (1999-2000)). Norsk omsetjing av avgjerda i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 og rådsvedtak 2001/792/EF, Euratom av 23. oktober 2001 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.