St.prp. nr. 38 (2003-2004)

Disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Olje- og energidepartementet legg med dette fram ein stortingsproposisjon med tilråding om å fatte vedtak om endeleg disponering av betongunderstellet til behandlings- og kompressorplattforma TCP2 (Treatment and Compression Platform 2) på Frigg-feltet.

Frigg er eit felles eigd norsk-britisk felt, der norsk del er 60,82 pst. Olje- og energidepartementet fekk i november 2001 oversendt Frigg avslutningsplan som blant anna omfattar etterlating av tre betongunderstell. Av desse står TCP2 på norsk side og dei to andre på britisk side av sokkelgrensa. Britiske og norske styresmakter har samarbeidd nært i behandlinga av avslutningsplanen.

Departementet tilrår at betongunderstellet TCP2 blir etterlate på staden i samsvar med tilrådinga frå rettshavarane. Understellet vil bli avmerkt på sjøkart og det vil bli installert navigasjonsutstyr for å tryggje skipstrafikken. I medhald av kgl. res. 26. september 2003 er det vedteke at overbygningen på TCP2 skal fjernast og takast til land. Britiske styresmakter har godkjend å etterlate dei to betongunderstella på britisk side.

Etterlating er grunngitt med at ein fjerningsoperasjon inneber ein uakseptabelt høg risiko for tap av menneskeliv og annan skade. Vurderinga er basert på risikoanalysar utførte og verifiserte av uavhengig teknisk ekspertise. I tillegg er ein fjerningsoperasjon vesentleg dyrare.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har innhenta uttaler frå Oljedirektoratet når det gjeld forhold knytte til tryggleiken. Oljedirektoratet ser det slik at tryggleiken er ivareteken gjennom den tilrådde løysinga. På denne bakgrunnen tilrår også Arbeids- og administrasjonsdepartementet at betongunderstellet blir etterlate på staden.

Dei samla konsekvensane for miljøet som er knytte til å etterlate betongunderstellet er vurderte som akseptable. Ei konsekvensutgreiing har vore på offentleg høyring. Det har ikkje komme fram forhold som tilseier at den tilrådde løysinga ikkje bør gjennomførast.

I medhald av pliktene etter OSPAR-konvensjonen (konvensjon om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet av 1992) er det gjennomført konsultasjon med dei andre konvensjonspartane. Ingen av desse har innvendingar mot etterlating.

Kostnaden ved å fabrikkere og installere navigasjonsutstyr på betongunderstellet er av operatøren utrekna til 6,8 mill. 2002-kroner. Totale kostnader for dei tre betongunderstella på Frigg-feltet vil utgjere 20,4 mill. 2002-kroner. Av dette utgjer den norske delen om lag 12 mill. 2002-kroner. Dette vil komme til frådrag innanfor (petroleums)skattesystemet.

I tillegg kjem kostnader knytte til fjerning av utvendig stål på understella. Norsk del er utrekna til i underkant av 64 mill. 2002-kroner, som vart inkludert i kostnadsoverslaget for fjerning av overbygningane på betonginstallasjonane gitt i kgl. res. 26. september 2003.

1.1 Frigg-feltet

Frigg-feltet, opphavleg eit stort gassreservoar, strekkjer seg over grenselinja mellom Noreg og Storbritannia i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupet ved Frigg er ca. 100 meter.

Gjennom ein overeinskomst mellom Noreg og Storbritannia om felles utnytting av feltet har styresmaktene i dei to landa godkjent rettshavarane si eigarfordeling, slik at norsk del er fastsett til 60,82 pst.

Eigarfordelinga i heile Frigg-feltet er:

TOTAL E & P NORGE AS (operatør)28,664 pst.
Norsk Hydro Produksjon as19,992 pst.
Statoil ASA12,164 pst.
Elf Exploration UK PLC

Under leiing av TOTAL E & P UK PLC

26,120 pst.
TOTAL E & P UK PLC13,060 pst.

Produksjonen frå Frigg-feltet begynte i 1977. I avslutningsplanen var forventninga at produksjonen skulle opphøyre mot slutten av 2003, men dei siste prognosane tyder på et ein kan oppretthalde produksjonen fram til sommaren 2004.

Innretningane på Frigg-feltet består av tre betong- og to stålplattformer knytte saman med røyrleidningar og kablar. I tillegg er det eit stålunderstell som vart øydelagt under installasjon i 1974. Ei betong- og ei stålplattform og det øydelagde stålunderstellet står på norsk side.

Figur 1-1 Installasjonar på Frigg-feltet

Figur 1-1 Installasjonar på Frigg-feltet

Kjelde: Kjelde: TOTAL E & P NORGE AS

1.2 Disponering av innretningar på Frigg-feltet

Den 23. november 2001 oversende TOTAL E & P NORGE AS, på vegner av rettshavarane, Frigg avslutningsplan til Olje- og energidepartementet. Avslutningsplanen omfattar disponering av alle installasjonar, feltinterne røyrleidningar og kablar, borekaks og skrot på havbotnen rundt installasjonane.

1.2.1 Disponering av stålplattformer, plattformdekk på betongplattformene, feltinterne røyrleidningar og kablar, borekaks og skrot

Ved kgl. res. 26. september 2003 vart det bestemt at stålplattforma DP2, stålunderstellet DP1 og overbygningen på betonginstallasjonen TCP2 på norsk side skal fjernast og takast til land. Vidare vart det bestemt at skrot på havbotnen, feltinterne røyrleidningar og kablar, saman med betongstøtter og -madrassar, på norsk side skal fjernast og disponerast på land. Det vart også bestemt at borekaks som stammar frå boreoperasjonar og som ligg under og rundt DP2 kan etterlatast på staden. Fullmakt til slik behandling er gjort greie for i St.prp. nr. 1 (2000-2001) for Olje- og energidepartementet.

Tilsvarande vedtak er fatta av britiske styresmakter når det gjeld innretningar m.v. på britisk side.

1.2.2 Disponering av betongunderstellet TCP2 - OSPAR-prosessen

Disponering av installasjonar skal skje i samsvar med lov av 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet (petroleumslova), og i samsvar med dei pliktene Noreg har i høve til OSPAR-konvensjonen. Den siste tillet å etterlate betongunderstell dersom ei samla vurdering viser at det er vektige grunnar for disponering til havs. Ein føresetnad er at statar som vurderer disponering til havs må konsultere dei andre konvensjonspartane.

Olje- og energidepartementet la, i samarbeid med Miljøverndepartementet, fram forslaget om å etterlate betongunderstellet TCP2 for konvensjonspartane i september 2002. Eit tilsvarande forslag om å etterlate dei to betongunderstella på britisk side vart lagt fram samtidig av britiske styresmakter.

Høyringsfristen gjekk ut 10. januar 2003. Berre Danmark, Tyskland og Frankrike uttalte seg. Ingen av dei tre landa reiste innvendingar mot at dei tre betongunderstella blir etterlatne, men gav enkelte kommentarar knytte til disponeringa. Tyskland uttrykte bekymring for ei ukontrollert nedbryting av betongunderstella. Danmark peikte på at det er viktig at dei etterlatne betongunderstella er godt nok merkte. Frankrike hadde kommentarar og oppfordringar knytte til sjøtryggleik. Olje- og energidepartementet har svart på kommentarane i samarbeid med Miljøverndepartementet og britiske styresmakter, og det er sidan ikkje motteke ytterlegare kommentarar.

1.3 Statleg overtaking av innretningar

Olje- og energidepartementet ønskjer ikkje å nytte retten, som er fastsett i petroleumslova, til statleg overtaking av betongunderstellet TCP2 på Frigg. Det er ikkje identifisert høve til lønsam bruk av installasjonen på eit seinare tidspunkt.