St.prp. nr. 38 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av riksveg 519 Fastlandssamband til Finnøy (Finnfast) i Rogaland, med tilknyting til Talgje (fylkesveg 606)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av Fastlandssamband til Finnøy i Rogaland (Finnfast). Finnøy kommune er ein av tre øykommunar i Rogaland som ikkje har døgnope fastlandssamband.

Prosjektet går ut på å byggje ein undersjøisk tunnel under Talgjefjorden, mellom Hanasand i Rennesøy kommune og Ladstein i Finnøy kommune, og med tilknytingsveg til øya Talgje. Prosjektet vil gi innbyggjarane på øyane Finnøy og Talgje ferjefritt vegsamband med Rennesøy og vidare med fastlandet. Tiltaket er eit ferjeavløysingsprosjekt som vil frigjere ei ferje som i dag trafikkerer i Søndre Finnøysamband mellom Rennesøy (Hanasand), og Finnøy (Talgje og Ladstein).

Finansieringa av Finnfast er basert på bompengar, alternativ bruk av ferjetilskot (statleg og fylkeskommunal del) og statlege midlar. Bompengar og alternativ bruk av ferjetilskot utgjer det alt vesentlege av finansieringa. Prosjektet er omtalt i St.prp. nr. 1 (2005-2006), side 128.