St.prp. nr. 39 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit program for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EU-programmet for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (heretter kalla MODINIS) vart formelt vedteke i EU 17. november 2003 ved rådsvedtak 2256/2003/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2003-2005.

Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over tre år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsvedtak 2256/2003/EF om innlemming i EØS-avtala av MODINIS følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.