St.prp. nr. 40 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 70/96 av 29. november 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Media II (1996-2000)

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

EU oppretta i 1991 eit tidsavgrensa støtteprogram for utvikling av den audiovisuelle industrien i Europa under namnet Media. Målsetjinga for programmet var å fremje europeisk filmproduksjon og framsyning av europeiske program. Programmet var ei prøveordning. Noreg har delteke i Media-programmet. Dette samarbeidet har vore forankra i EØS-avtala, artiklane 78 og 79, jfr. protokoll 31 artikkel 9.

Ved avslutninga av Media i 1995 var det eit ønske frå film- og fjernsynssektoren at EU skulle vidareføre ei støtteordning for den audiovisuelle sektoren. Dette vart gjennomført i 1995 under namnet Media II som er eit program for å fremje utvikling og distribusjon av europeiske audiovisuelle verk og opplæring av yrkesutøvarar i den europeiske audiovisuelle programindustrien. Programmet strekk seg over åra 1996-2000. Ei nærare omtale av dette programmet er gjeve under pkt. 2 nedanfor.

EØS-komitéen vedtok 29. november 1996 å endre artikkel 9 i protokoll 31 til EØS-avtala. Endringa har som følgje at EFTA-landa kan deltake i Media II. Av di deltaking i programmet inneber at Noreg vert folkerettsleg bunde til å betale tilskot til EU sitt budsjett i åra framover, er det naudsynt å innhente Stortinget sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak.