Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 40 (2000-2001)

Om løyving for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE

Til innhaldsliste

3 Inntekter

Staten vil motta vesentlege inntekter frå sal av SDØE-eigardelar og ved statleg sal av aksjar i Statoil. I tillegg vil tiltaka innebere auka framtidig verdiskaping.

Kva SDØE-eigardelar som vert selt og tilhøyrande salspris vil vere avgjerande for salsinntektene. Inntekter frå sal av SDØE-eigardelar til Statoil vil og vere avhengig av oppgjersform. SDØE-eigardelar som vert selt til Norsk Hydro og andre vil staten motta oppgjer i kontantar for.

Det er ikkje teke endeleg stilling til kva eigardelar som skal seljast. Interessa frå selskapa og deira betalingsvilje, vil ha noko å seie for kva eigardelar som faktisk vert selt til dei respektive selskapa. Olje- og energidepartementet har med atterhald om vedtak i Stortinget starta forhandlingane med Statoil om sal av SDØE-eigardelar. Det er ikkje teke nærare stilling til oppgjersform i forhold til Statoil. På bakgrunn av dette er det ikkje mogleg no å seie kor store staten sine inntekter frå sal av SDØE-eigardelar til Statoil, Norsk Hydro og andre vil verte.

Inntekter frå aksjesal i Statoil vil vere avhengig av verdien av selskapet på transaksjonstidspunktet, privatiseringsomfang og salsløysing. Regjeringa har tilrådd at reduksjonen av staten sin eigardel i Statoil skal skje ved ein kombinasjon av emisjon og sal av delar av staten sine aksjar. Staten og Statoil vil då dele salsinntektene relativt sett i forhold til grad av emisjon og nedsal, tilsvarande som fordelinga av utgiftene. Staten vil motta inntekter frå sal av staten sine aksjar. Inntekter frå emisjon vil tilfalla Statoil. Då det ikkje er teke ei avgjerd om privatiseringsomfang og korleis staten sin eigardel skal reduserast, og fordi det er knytt usikkerheit til verdien av selskapet, kan ikkje regjeringa på noverande tidspunkt gi eit estimat på dei statlege inntektene.

Budsjettkonsekvensane knytt til inntekter frå sal av SDØE-eigardelar og inntekter frå statleg sal av aksjar i Statoil vert lagt fram for Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Til toppen
Til forsida av dokumentet