Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 40 (2000-2001)

Om løyving for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE

Til innhaldsliste

4 Oppsummering

Regjeringa tilrår ei løyving på 135 mill. kroner på nytt kapittel 1801 Omstrukturering av staten sitt petroleumsengasjement, post 21 Spesielle driftsutgifter for å dekkje utgifter til førebuing av dei tilrådde tiltaka i St.prp. nr. 36 (2000-2001), medrekna utgifter til Olje- og energidepartementet sine eigne rådgjevarar og utgifter knytt til sal av SDØE-eigardelar.

Budsjettkonsekvensane knytt til oppretting og drift av det nye selskapet som skal forvalte SDØE-porteføljen, utgifter til oppretting av det nye selskapet for transport av naturgass, inntekter frå sal av SDØE-eigedelar og utgifter og inntekter i samband med aksjesal og børsnotering av Statoil, vert lagt fram for Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Regjeringa legg opp til at inntekter frå sal av SDØE-eigardelar og inntekter frå statleg sal av aksjar i Statoil vert inntektsført Statens petroleumsfond. Sistnemnte krev ei endring i Lov om Statens petroleumsfond. Regjeringa legg til grunn at det ikkje vert kravd inndekning for utgiftene i samband med tiltaka i St.prp. nr. 36, i tråd med tidlegare praksis i liknande saker.

Ved førebuingane og ved inngåing av kontraktar vert det teke atterhald om avgjerd i Stortinget.

Til toppen
Til forsida av dokumentet