St.prp. nr. 40 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av protokoll av 28. november 2003 om eksplosive krigsleivningar til FN-konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innhaldsliste

1 Samandrag

I 2001 vart det sett i gang forhandlingar med sikte på å kome fram til reguleringar for å hindre at blindgjengarar og etterlaten ammunisjon skader sivilbefolkninga etter at stridshandlingar er over.

Forhandlingane fann stad innafor ramma av FN-konvensjonen av 10. oktober 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg (FN-konvensjonen om inhumane våpen).

Konvensjonen sitt statspartsmøte vedtok 27.-28. november 2003 ein ny protokoll (protokoll V) om eksplosive krigsleivningar, også slike som stammar frå bruk av klaseammunisjon (levert frå fly og med artilleri eller rakettar). Noreg har, i samsvar med Stortinget sitt vedtak 14. juni 2001, vore ein aktiv pådrivar i forhandlingane med sikte på å få så forpliktande internasjonale reguleringar som mogleg.

Målet med protokollen er å redusere dei humanitære lidingane som følgjer av at eksplosive krigsleivningar drep, lemlestar og skader sivilbefolkninga etter at ein væpna konflikt er over. Den søkjer også å betre sivilbefolkninga si moglegheit til raskare å kunne ta i bruk eigedom og jordbruksområder som er råka av eksplosive krigsleivningar.

Hovudvekta i protokollen er på tiltak som skal setjast inn etter at stridshandlingane er over, mellom anna opprydding og anna assistanse i områder med eksplosive krigsleivningar. Protokollen inneheld også reglar om vern av sivilbefolkninga frå konsekvensane av eksplosive krigsleivningar og om utveksling av informasjon mellom partane i ein konflikt slik at rydding kan finne stad. Reguleringane i protokollen skal gjelde både for interne og internasjonale konflikter.

Generelle førebyggjande tiltak av friviljug karakter er teke med i det tekniske vedlegget til protokollen.

Sjølv om protokollen er mindre omfattande enn det ein frå norsk side har arbeidd for, er den eit viktig første steg på vegen mot meir vidtgåande internasjonale reguleringar på bruk av klaseammunisjon.

Samstundes med vedtaket av protokoll V, vedtok statspartsmøtet å vidareføre konsultasjonar som på sikt kan føre til eit instrument om førebyggjande tiltak mot eksplosive krigsleivningar. Slike tiltak kan vere knytte til bruk av ammunisjon eller tekniske forbetringar som reduserer talet på blindgjengarar.

Protokollen med teknisk vedlegg i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk ligg ved proposisjonen.

Til forsida