St.prp. nr. 41 (1998-99)

Om ratifikasjon av traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (CTBT)

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Traktaten om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (Comprehensive Nuclear-Test-Ban Treaty - CTBT) vart opna for underteikning i New York 24. september 1996. Noreg underteikna traktaten same dag. 152 land har per 1. februar 1999 underteikna traktaten. 28 land har ratifisert traktaten.

Traktaten trer først i kraft etter at ei gruppe på 44 namngjevne land, som står på Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) si liste over land med kjernefysiske anlegg, og som formelt har delteke i forhandlingane om traktaten, har ratifisert han. Per 1. februar 1999 har 14 av desse ratifisert traktaten. Noreg er mellom dei landa som må ratifisere traktaten for at han kan tre i kraft.

Det er avgjerande at atommaktene Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA har slutta seg til traktaten. Av desse har per 1. februar 1999 Storbritannia og Frankrike ratifisert traktaten.

Når traktaten kan tre i kraft, er usikkert. Fleire av dei landa som må ratifisere traktaten for at han kan tre i kraft, har ennå ikkje underteikna traktaten. Frå norsk side har ein, i likskap med andre vestlege land, lagt til grunn at ein tek sikte på å ratifisere traktaten og følgje føresegnene i han, utan omsyn til at det er uvisst når traktaten faktisk vil kunne tre i kraft. Ein vil av politiske grunnar forhalde seg som om traktaten har trådd i kraft. Meininga er å byggje opp ei politisk drivkraft for at traktaten kan tre i kraft snarast råd.

Føremålet med traktaten er å skapa eit bindande internasjonalt totalforbod mot alle typar kjernefysiske prøvesprengingar. Kvar part pliktar å ikkje gjennomføre noko prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging, og å forby og forhindre kvar slik kjernefysisk sprenging på kvar stad under parten sin jurisdiksjon eller kontroll. Kvar part pliktar vidare å avstå frå å valde eller oppmuntre til, eller på nokon måte delta i, gjennomføring av noko prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging. Traktaten fastset ei rekkje ordningar og tiltak som skal medverke til å sikre at føremålet i traktaten vert oppfylt.

Traktaten opprettar ein eigen organisasjon som skal ha ansvar for å gjennomføre føresegnene i traktaten, mellom anna spørsmål om verifikasjon og etterleving. Organisasjonen skal ha sete i Wien.

Verifikasjonsregimet i traktaten er omfattande. Det er sett saman av eit internasjonalt overvakingssystem, stadlege inspeksjonar, samrådsordningar og tillitsskapande tiltak. Det internasjonale overvakingssystemet skal omfatte overvakingsanlegg grunna på dei fire teknologiane seismologi, radionukleide metodar, infralyd og hydroakustikk. Saman vil desse fire teknologiane gjera det mogleg å overvake kjernefysiske sprengingar på og under jordoverflata, i atmosfæren og under vatn. Målestasjonane som inngår i overvakingssystemet, vil sikre kontinuerleg registrering av hendingar som kan indikere brot på traktaten. Slik omfattande overvaking representerer eit nytt element i verifikasjon av internasjonale avtalar innanfor rustingskontroll og nedrusting.

Det internasjonale datasenteret som blir etablert i Wien, skal ta imot og handsame data frå det globale nettverket av i alt 321 målestasjonar. Noreg vil spela ei sentral rolle i overvakingssystemet. 6 målestasjonar, mellom desse nokre av dei største og mest avanserte, vil vera lokaliserte på norsk territorium.

NORSAR (Norwegian Seismic Array) på Kjeller utanfor Oslo vil ha ansvaret for å drive og vedlikehalde dei norske målestasjonane, fungere som nasjonalt datasenter og sikre den naudsynte kontakten med Teknisk sekretariat i Wien i denne samanheng. Ein føreset at NORSAR skal oppretthalde og vidareutvikle den naudsynte tekniske og vitskaplege ekspertisen til å hjelpe norske styresmakter i tekniske spørsmål knytte til etterleving av prøvestansavtalen. Prøvestansorganisasjonen skal etter traktaten ikkje sjølv vurdere dei data som vert samla inn under Internasjonalt overvakingssystem, og som kan indikere eventuelle brot på traktaten. Ein vesentleg del av verifikasjonen av traktaten skal høyre inn under dei einskilde traktatpartane.

Kjernefysiske prøvesprengingar er ei sterk påkjenning på det internasjonale ikkjespreiings- og nedrustingsarbeidet. Sidan 1945 har kjernevåpenmaktene gjennomført i alt 2046 kjernefysiske prøvesprengingar. Av desse har Russland gjennomført 715 testar, og av desse att vart omlag 130 prøvesprengingar gjennomførte på Novaja Semlja.

Traktaten om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar er eit viktig steg i arbeidet med å setja punktum for det kjernefysiske våpenkappløpet. Etter at traktaten vart opna for underteikning, vart det ikkje gjort noko kjernefysisk prøvesprenging før mai 1998. Da braut både India og Pakistan den internasjonale norma som traktaten hadde etablert. Dei indiske og pakistanske sprengingane understrekar ytterlegare kor viktig traktaten er. India og Pakistan har ikkje underskrive traktaten.

Til forsida