St.prp. nr. 42 (2001-2002)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 123/2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 98/30/EF om felles regler for det indre marked for naturgass (gassmarknadsdirektivet) i vedlegg IV til EØS-avtala (Energi)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/30/EF om felles regler for det indre marked for naturgass (gassmarknadsdirektivet) vart vedteke i Rådet 22. juni 1998. Direktivet tok til å gjelde 10. august 1998 med frist for gjennomføring i den nasjonale lovgjevinga til EU-medlemmene 10. august 2000.

Som anna sentral EU-lovgjeving for gjennomføring av den indre marknaden for energi, har direktivet vore kontroversielt blant medlemsstatane i EU. Det fekk den endelege utforminga si etter langvarige prosessar mellom medlemsstatane i Rådet. Noreg var aktiv overfor sentrale medlemsstatar, og overfor Kommisjonen så langt dette lét seg gjere under drøftingane i Rådet om direktivet før det vart vedteke i 1998.

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 123/2001 av 26. oktober 2001 vart det vedteke at gassmarknadsdirektivet skal innlemmast i vedlegg IV til EØS-avtala (Energi). Avgjerda vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.

Kommisjonen gjorde i mars 2001 eit formelt framlegg til endring av gassmarknadsdirektivet, med sikte på å forsere liberaliseringa av den europeiske gassmarknaden. Dersom dette arbeidet fører til eit endringsdirektiv, vil Noreg måtte ta stilling til spørsmålet om innlemming av dette direktivet i EØS-avtala som eiga sak. Ein kan ikkje sjå at endringsarbeidet, slik det ligg no, vil få konsekvensar av særleg verknad for Noreg.