St.prp. nr. 45 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femårige handlingsprogrammet til EU for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 gjeld innlemming i EØS-avtala av rådsvedtak 1999/847/EF av 9. desember 1999 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing. Vedtaket endrar protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte det femårige handlingsprogrammet for katastrofevernebuing.

Norsk deltaking i handlingsprogrammet fører med seg ei plikt til å løyve midlar over fleire år. Då EØS-komiteen vedtok å ta programmet inn i EØS-avtala, gav Noreg difor dei andre avtalepartane melding om at dei forfatningsrettslege krava etter artikkel 103 i EØS-avtala må vere stetta i Noreg før avgjerda vil verte bindande.

Uoffisiell norsk omsetjing av avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 og rådsvedtak 1999/847/EF av 9. desember 1999 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.