St.prp. nr. 45 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 140/2002 av 8. november 2002 om endring av protokoll 37 i og vedlegg II til EØS-avtala ved tilpassing til forordning (EF) nr. 141/2000 om lækjemiddel mot sjeldne sjukdommar

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 68/2001 vart europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 141/2000 om lækjemiddel mot sjeldne sjukdommar teken inn i EØS-avtala, jf. vedlegg II kapittel XIII til EØS-avtala.

Ved utforminga av avgjerda i EØS-komiteen vart det ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til deltakinga for EFTA-EØS-statane og dei økonomiske sidene ved dette. Det vart difor utarbeidd ei ny avgjerd der deltakinga er sikra og den økonomiske støtta frå EFTA-EØS-statane er fastsett etter den alminnelege ordninga i artikkel 82 nr. 1 a) i EØS-avtala.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 140/2002 av 8. november 2002 er i praksis ei korrigering av avgjerd nr. 68/2001 om forordning 141/2000.

Ettersom det i avgjerd nr. 140/2002 er fastsett at EFTA-EØS-statane skal gje økonomisk støtte på årleg basis, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget i medhald av Grl. § 26 andre leddet.

Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 141/2000 i norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.