St.prp. nr. 46 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 vart det vedteke at vedlegg XI til EØS-avtala skal endrast slik at det omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/39/EF av 10. juni 2002 om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet. I direktiv 2002/39/EF er det fastsett ein plan for ei ytterlegare gradvis liberalisering av marknaden for posttenester, utan at det er sett ein dato for når postmarknaden skal vere fullt ut opna for konkurranse.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for godkjenning frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendringar, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

Stortinget blir gjennom denne proposisjonen bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Fristen for å melde frå til EØS-komiteen om at Stortinget har gjeve samtykke er 6. juni 2003. Gjennomføringsfristen for direktivet er den same. Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.