St.prp. nr. 46 (2003-2004)

Om bruksrettskonsesjon for vassfalla i Skogfoss og Melkefoss i Pasvikvassdraget

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Olje- og energidepartementet sin proposisjon

Olje- og energidepartementet legg her fram proposisjon for Stortinget om bruksrettskonsesjon etter industrikonsesjonslova for Pasvik Kraft AS for vassfalla i Skogfoss og Melkefoss i Pasvikvassdraget i Sør-Varanger kommune i Finnmark.

1.2 Bakgrunn for proposisjonen

Kraftproduksjonsselskapet Pasvik Kraft AS er eit 100 prosent eigd dotterselskap av Varanger Kraft AS. Varanger Kraft AS er eigd av sju kommunar i Finnmark.

Pasvik Kraft AS har i dag ikkje konsesjon for dei fallrettane saka gjeld. Tidlegare avtaler med staten v/Finnmark jordsalgskommisjon som falleigar og med staten v/NVE om vilkåra for utbygginga har sikra utbyggjar dei naudsynte rettane til falla. Avtalene som gjeld fram til 2021 vart gjeve med Stortinget sitt samtykke, jf. St.prp. nr. 124 (1960-1961) og Innst. S. nr. 251 (1960-1961). Bruksrettskonsesjon for leige frå staten vart først innført i 1969.

Det er no skipa ei ny avtale mellom Pasvik Kraft AS og Statskog SF v/Finnmark jordsalgskontor om leige av fallrettane. Avtalen skal gjelde så lenge Pasvik Kraft AS har dei naudsynte konsesjonar for utnytting av vasskrafta. Når avtalen med staten v/NVE går ut, vil det vere naudsynt for Pasvik Kraft AS å erstatte avtalen med ein bruksrettskonsesjon. Pasvik Kraft AS deltek i eit samarbeidsprosjekt med russiske og finske interesser i vassdraget med sikte på å redusere flaumfare og flaumskader. Det vert kravd store investeringar for å setja i verk prosjektet og Pasvik Kraft AS har behov for å klarleggje sine framtidige rettar på lang sikt før dei går inn i prosjektet. Av den grunn søkjer Pasvik Kraft AS som eit fullt ut offentleg eigd selskap om bruksrettskonsesjon på uavgrensa tid allereie no.

Sjølv om ein konsesjon ikkje vil vere omstridt, må og alle saker der «ervervet gjelder vannfall som ved regulering antas å kunne utbringes til mer enn 20 000 naturhestekrefter» (jf. industrikonsesjonslova § 2) no leggjast fram for Stortinget. Dette er gjort klart i eit brev av 12.11.2003 frå Justisdepartementet.