St.prp. nr. 48 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femte likestillingsprogrammet til EU (2001-2005)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

I protokoll 31 i EØS-avtala opnar artikkel 5 om sosialpolitikk for at EFTA/EØS-statane kan ta del i likestillingsprogramma til EU. Artikkelen stadfestar at det vert teke sikte på å styrkje samarbeidet på likestillingsområdet innanfor ramma av verksemda og programma til Fellesskapet, og at EFTA/EØS-statane skal ta del i dei ulike fellesskapsaktivitetane på området. EFTA/EØS-statane skal òg ta del i dei utvala og andre organa i EU som hjelper Kommisjonen med omsyn til leiing, utvikling og gjennomføring av programma, aktivitetane og verksemda generelt.

Noreg har teke del i det fjerde likestillingsprogrammet til EU (1996-2000) sidan 1996 (1997), jf. St. prp. nr. 28 (1996/97). Dette programmet vert no avløyst av det femte likestillingsprogrammet til EU (2001-2005), med verknad frå 1. januar 2001.

Det nye likestillingsprogrammet vart formelt vedteke av EU 20. desember 2000. Programmet er ope for deltaking for EFTA/EØS-statane. Føresetnaden for slik deltaking er at protokoll 31 artikkel 5 i EØS-avtala vert endra.

Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak og med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som mogleg, vert det lagt opp til at det vert innhenta samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i komitémøtet 11. mai 2001, men datoen kan verte endra.

Rådsavgjerda og utkastet til avgjerd i EØS-komiteen følgjer i uoffisiell norsk omsetjing som trykte vedlegg til denne proposisjonen.