St.prp. nr. 49 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 97/2000 av 27. oktober 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om arbeidstid på skip)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 97/2000 av 27. oktober 2000 vart det vedteke å endre vedlegg XVIII til EØS-avtala, som gjeld helse og tryggleik på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik handsaming av kvinner og menn, til òg å omfatte rådsdirektiv 1999/63/EF om avtala om organisering av arbeidstida til sjøfolk.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa etter norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget vert gjennom denne proposisjonen oppmoda om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Fristen for å melde frå til EØS-komiteen om at Stortinget har gjeve samtykke, er 27. april 2001.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.