St.prp. nr. 49 (2008-2009)

Noregs deltaking i europeiske romfartsprogram

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen gjer Nærings- og handelsdepartementet greie for deklareringane på ministerrådsmøtet i Den europeiske romorganisasjonen ESA i Haag 25. og 26. november 2008. Deklarasjonane blei gitt under føresetnad av at Stortinget samtykte. Det er gjort greie for dei budsjettmessige følgjene for statsbudsjettet 2009. Det er forslag om at det blir innført ei ny ordning med tilsegnsfullmakt. Denne fullmakta skal dekkje deklarasjonane som blei gitt på ministerrådsmøtet i Haag, og forpliktingane som står att frå deklarasjonar som blei gitt i tidlegare ministerrådsmøte.

I proposisjonen er det ein kort omtale av romverksemda.