St.prp. nr. 51 (2000-2001)

Om tilføring av innskotskapital og auka låne- og garantiramme for Statkraft SF

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Det pågår no ei omfattande restrukturering av kraftnæringa i Noreg og Europa. Statkraft ynskjer å spele ei aktiv rolle i denne prosessen. Det forutset ei finansiell styrking av føretaket.

I august 2000 søkte Statkraft om å få tilført 5 mrd. kroner i ny innskotskapital og at låne- og garantiramma samstundes vert auka med 10 mrd. kroner.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke ein utbyttepolitikk for rekneskapsåra 2000-2003 som gjev eit vesentleg høgare utbytte enn det Statkraft hadde lagt til grunn i kapitalsøknaden. Kapitalinnskotet må aukast med om lag 1 mrd. kroner dersom investeringsevna til føretaket ikkje skal vere påverka av dei høgare utbytta.

Statkraft ventar at dei vil trenge ytterlegare kapitalinnskot og auke i låne- og garantiramma i åra som kjem.

Departementet meiner Statkraft SF har gått gjennom ei vellukka endring frå forvaltningsbedrift til eit veldrive og fokusert forretningsmessig føretak i ein konkurranseutsett marknad. Avkastninga har vore tilfredsstillande sjølv om kraftprisane har vore låge. Departementet meiner Statkraft er i posisjon til å auke verdiskapinga gjennom ekspansjon og aktiv deltaking i omstruktureringa av næringa. Det vil også bidra til å sikre framleis vesentleg offentleg eigarskap i kraftnæringa i Noreg. Med aukande internasjonal konkurranse er det viktig med eit handlekraftig offentleg norsk kraftselskap av ein viss storleik.

I tilknyting til handsaminga av kapitalsøknaden frå Statkraft engasjerte departementet konsulent- og revisjonsfirmaet Ernst & Young for å vurdere strategien og kapitalsøknaden. Etter departementet sitt syn gjev rapporten gode argument for å tilføre føretaket innskotskapital og auke låneramma. Rapporten frå Ernst & Young vert lagt fram som utrykt vedlegg. Strategien til Statkraft er også omtala positivt i to eksterne verdivurderingar som vart framlagt i august 2000. Verdivurderingsrapportane er offentleggjort tidlegare, og er omtala i St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Departementet tilrår at Statkraft vert tilført 6 mrd. kroner i ny innskotskapital og at departementet får fullmakt til å auke låne- og garantiramma med inntil 10 mrd. kroner.