St.prp. nr. 53 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet 2008 - Nytt operahus

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 1580 Bygg utanfor husleigeordninga, post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt med 150 mill. kroner i samband med sluttføringa av Prosjekt Nytt Operahus .

I tillegg vert det gjort greie for operaens omgivnader og midlertidige tiltak som vert sette i verk for å få tilfredsstillande omgivnader i perioden fram til ein kan få realisert permanente løysingar.