St.prp. nr. 53 (2008-2009)

Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Olje- og energidepartementet legg med dette fram forslag til ei avsluttande supplering av Verneplan for vassdrag.

Landsplanen for vern av vassdrag blei stadfesta gjennom Stortinget si handsaming av fire verneplanar mellom 1973 og 1992. Ved Stortinget si handsaming av Verneplan IV for vassdrag, jf. St.prp. nr. 118 (1991-92) og Innst.S. nr. 116 (1992-93) blei det slått fast at dette skulle vere den siste verneplanen slik at landsplanen då vart fullført.

Ved handsaming av St.meld. nr. 37 (2000-2001) Om vasskrafta og kraftbalansen i 2001 vedtok Stortinget at verneplanen skulle supplerast. Bakgrunnen var ein erkjenning av at Samla plan for vassdrag ikkje fungerte optimalt og at det var tilrådd å omarbeide Samla plan monaleg, jf. St.meld. nr. 24 (2000-2001). Ein føresetnad for ei slik monaleg omlegging og forenkling av Samla plan var at verneplan for vassdrag blei supplert med ein del av dei vassdraga frå Samla Plan der ulempene og dei negative verknadene ville vera størst ved ei vasskraftutbygging.

Gjennom Stortinget si handsaming av Verneplan I – IV for vassdrag er 341 vassdrag varig verna mot kraftutbygging. I suppleringa som Stortinget handsama i 2005, blei ytterlegare 50 vassdrag verna. 391 vassdrag er no varig verna mot kraftutbygging. Verneplanen inneheld eit stort mangfald av vassdrag og vassdragstypar i alle delar av landet og med alle referanseverdiar.

Departementet syner til at Verneplan I–IV med suppleringar vernar om vassdrag med store naturverdiar. Etter denne avsluttande suppleringa er det verna vassdrag som tilsvarar eit utbyggingspotensial på om lag 45 TWh. På denne bakgrunn finn departementet at ein må vere varsam med å redusere potensialet for fornybar energi gjennom ytterligare vern, men at ei utviding av verneplanen likevel er aktuell dersom det blir påvist særskilte kvalitetar som manglar i planen. Dette må samstundes vurderast i lys av dagens klimautfordringar og trongen på fornybar energi.

Vern av Vefsna i Nordland blei vurdert under arbeidet med Verneplan IV for vassdrag, jf. St.prp. nr. 118 (1991-92). Resultatet den gongen var at Stortinget gav samtykke til at sidegreina Svenningdalselva ovanfor Trofors vart tatt inn i verneplanen, jf. Innst.S. nr. 116 (1992-93).

I arbeidet med supplering av Verneplanen blei vern av heile nedbørsfeltet til Vefsna vurdert på nytt, jf. St.prp. nr. 75 (2003-2004) og Innst.S. nr. 116 (2004-2005). Av departementet si tilråding går det fram at det er knytt store verneverdiar til Vefsna og at det er ikkje er aktuelt å opne for omfattande kraftutbygging i vassdraget. Departementet føreslo å avvente verneprosessen for å vurdere om det var mogleg å gjennomføre utbygging som ikkje ramma naturverninteressene.

Departementet syner til Regjeringserklæringa der det står at:

«Regjeringen vil verne Vefsnavassdraget fra kraftutbygging ved å inkludere det i Verneplan for vassdrag».

I Regjeringserklæringa står det også at:

«Det opprettes næringsfond i den berørte regionen»

Departementet tilrår at Vefsnavassdraget vert tatt inn i Verneplan for vassdrag.

Det tilrås også å skipe næringsfond for dei berørte kommunane med til saman 150 mill. kroner i eigenkapital. Dette blir nærare omtala i Revidert Nasjonalbudsjett 2009.

Konsekvensane av vern, verneplanens historikk og generelle økonomiske og administrative konsekvensar, er omtala i den generelle delen i proposisjonsteksten til supplering av Verneplan for vassdrag.

I samband med at Stortinget handsama St.prp. nr.75 (2003-2004) Om supplering av Verneplan for vassdrag, oppmoda Stortinget Regjeringa om å starte førebuande arbeid med sikte på å verne tre vassdrag som ikkje var foreslått verna i innstillinga frå departementet. Dei tre vassdraga er Tovdalsvassdraget nedanfor Herefossfjorden i Aust-Agder og Vest-Agder, Øystesevassdraget i Hordaland og Langvella i Sør-Trøndelag, jf. Innst.S. nr. 116 (2004-2005).

Forutan Vefsna, tilrår departementet å ta inn nedre Tovdalsvassdraget i verneplanen.

Departementet finn ikkje grunnlag for å verne Langvella.

Når det gjeld Øystese kan ikkje departementet sjå at det er kome fram særskilde verneverdiar i vassdraget. Departementet finn ikkje å kunne tilrå dette vassdraget verna no. Verneverdiane i vassdraget kan best verte vurdert i samband med konsesjonshandsaming av ulike prosjekt. Dersom konsesjonshandsaminga syner at det ikkje er aktuelt med utbygging i vassdraget, kan spørsmålet om vern vurderast på nytt.

I tillegg til forslaga om suppleringar i verneplanen, ber departementet om Stortinget sitt samtykke til å konsekvensutgreie og konsesjonshandsame eit kombinert skredsikrings- og kraftutbyggingsprosjekt i Aurland kommune. Departementet tilrår at Stortinget gjev samtykke til vidare handsaming av prosjektet under føresetnad om at regjeringa kjem attende til Stortinget når saka er ferdig handsama av konsesjonsstyresmaktene.