St.prp. nr. 54 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 5/97 av 14. mars 1997 om endring av vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

4 Konklusjon

Føremålet med EØS-avtala er å sikre eit einskapleg økonomisk samarbeidsområde som er grunnlagt på felles reglar og like konkurransevilkår. Forordninga om registrering av import og leveransar av råolje i Fellesskapet går inn som ein del av dei felles reglane og dei like konkurransevilkåra i EU. Hovudføremålet med forordninga er at alle som importerer råolje frå tredjestatar eller innanfor Fellesskapet, skal gjere opplysningar om særkjenne ved importen eller leveransane tilgjengelege for dei andre medlemsstatane. Gjennomføringa av forordninga krev lovendring. Dei tilpassingane som må gjerast i samband med dette, skal leggjast fram for Stortinget i ein eigen lovproposisjon frå Olje- og energidepartementet.

Regjeringa finn at forordninga tener dei norske interessene på ein tilfredsstillande måte, og tilrår på dette grunnlaget at Noreg godkjenner avgjerda til EØS-komiteen om å ta henne inn i EØS-avtala.