St.prp. nr. 54 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 5/97 av 14. mars 1997 om endring av vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

2 RÅDSFORORDNING (EF) nr. 2964/95 av 20. desember 1995 om registrering av import og leveransar av råolje i Fellesskapet

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNION HAR -

med tilvisning til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 213,

med tilvisning til framlegget frå Kommisjonen og

utfrå desse synsmåtane:

Skipinga av ein felles energipolitikk er eit av måla Fellesskapet har sett seg. Det er Kommisjonen si oppgåve å leggje fram tiltak som kan gjerast for å nå dette målet.

Eit av dei viktigaste måla for denne politikken, er å tryggje forsyningar til stabile prisar.

Det er ønskjeleg med oversikt i marknaden.

Ut frå forsyningssituasjonen, og for å stabilisere EF-marknaden og hindre at unormale svingingar i verdsmarknaden får ein uheldig innverknad på EF-marknaden, bør medlemsstatane og Kommisjonen få jamlege opplysningar om kostnadene ved forsyninga av råolje.

Ved forordning (EØF) nr. 1893/79 1 innførte Rådet ordningar for registrering av import av råolje til Fellesskapet.

Ved forordning (EØF) nr. 2592/79 2 fastsette Rådet reglar for registrering av import av råolje til Fellesskapet.

Desse forordningane slutta å gjelde 31. desember 1991, difor bør dei reglane som var fastsette ved dei, attinnførast og samstundes tilpassast dei handelsvilkåra som gjeld på dei internasjonale oljemarknadene, og ta sikte på å betre og verne kvaliteten på miljøet, og så langt det er råd, tilpassast meldingskrava til dei nasjonale styresmaktene og til Det internasjonale energibyrået - VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Alle personar eller føretak som importerer råolje frå tredjestatar eller som tek imot leveransar av råolje frå ein annan medlemsstat, skal plikte seg til å sende opplysningar om særkjenne ved importen eller leveransane, til medlemsstaten der dei er etablerte.

Artikkel 2

På grunnlag av dei opplysningane som er nemnde i artikkel 1 skal medlemsstatane jamleg sende Kommisjonen opplysningar som kan gje eit reelt bilete av utviklinga av dei vilkåra importen eller leveransane fann stad under.

Desse opplysningane skal sendast vidare til medlemsstatane.

Artikkel 3

Dei opplysningane som vert samla inn og sende vidare i medhald av denne forordninga, skal vere fortrulege.

Denne føresetnaden skal ikkje hindre offentleggjering av allmenne opplysningar eller samanfattande opplysningar som ikkje inneheld opplysningar om einskilde føretak.

Artikkel 4

  1. 1.

    Dei opplysningane som personar eller føretak pliktar å sende over til medlemsstaten der dei er etablerte, skal gjelde all import eller alle leveransar av råolje til ein fastsett pris.

  2. 2.

    «Import» tyder kvart parti råolje som vert ført inn til tollområdet til Fellesskapet for andre føremål enn transitt. «Leveranse» tyder kvart parti råolje som kjem frå ein annan medlemsstat for andre føremål enn transitt. Import som finn stad eller leveransar som vert uførde for eiga rekning av selskap som er etablerte utanfor importstaten, og som er meinte for raffinering eller kontrakt og deretter eksporterte samla i form av raffinerte produkt, er ikkje omfatta.

  3. 3.

    Innføring til tollområdet til Fellesskapet av olje som er utvunnen frå havbotn der ein medlemsstat har einerettane til utvinning, skal ikkje reknast som import slik den er definert i nr. 2.

Artikkel 5

Med omsyn til artikkel 1 skal kvart parti råolje som vert importert eller levert til ein medlemsstat omfatte:

  • nemninga på råolja, medrekna API-tettleik,

  • talet på fat,

  • prisen cif per fat,

  • svovelinnhaldet i prosent.

Artikkel 6

Dei opplysningane som er nemnde i artikkel 4 og 5, skal sendast over til dei medlemsstatane det gjeld for kvar periode på høgst ein månad.

Artikkel 7

Dei opplysningane som medlemsstatane skal gje melding om til Kommisjonen i medhald av artikkel 2, skal sendast seinast éin månad etter slutten av kvar månad slik det er nemnt i artikkel 6. Desse opplysningane skal, for kvar type råolje, innehalde ei samanfatting av dei opplysningane som medlemsstatane hentar inn frå personar og føretak. For kvar type råolje skal det opplysast om:

  • nemninga på råolja, medrekna gjennomsnittleg API-tettleik,

  • talet på fat,

  • den gjennomsnittlege prisen cif per fat,

  • talet på føretak som dette vedkjem,

  • svovelinnhaldet i prosent.

Artikkel 8

  1. 1.

    Kommisjonen skal analysere dei opplysningane som han har fått melding om i medhald av artikkel 7, og sende dei vidare til medlemsstatane kvar månad.

  2. 2.

    Medlemsstatane og Kommisjonen skal jamleg samrå seg med kvarandre, anten etter oppmoding frå ein medlemsstat eller på initiativ frå Kommisjonen. Slike samråd skal særleg gjelde dei meldingane frå Kommisjonen som er nemnde i nr. 1.

Det kan haldast samråd med internasjonale organisasjonar og med tredjestatar som har liknande opplysningsordningar.

Artikkel 9

  1. 1.

    Dei opplysningane som vert sende i medhald av artikkel 4, og dei opplysningane som er fastsette i artikkel 7, skal vere fortrulege. Dette skal likevel ikkje hindre at opplysningane vert sende vidare på ein slik måte at det ikkje er mogleg å gjere kjende detaljopplysningar om einskilde føretak, dvs. at opplysningane skal femne om minst tre føretak,

  2. 2.

    Dei opplysningane som vert sende Kommisjonen på grunnlag av artikkel 7, og dei meldingane som er nemnde i artikkel 8 nr. 1, kan berre nyttast med omsyn til artikkel 8 nr. 2.

  3. 3.

    Dersom Kommisjonen, i dei opplysningane han får tilsendt frå medlemsstatane etter artikkel 7, finn avvik eller mangel på samsvar som hindrar han i å få eit reelt bilete av vilkåra for importen eller leveransane, kan han oppmode medlemsstatane om å få tilgjenge til relevante einskildopplysningar frå føretaka, og til dei utreknings- eller vurderingsmåtane som vart nytta til å samanfatte opplysningane.

Artikkel 10

Kommisjonen skal, etter samråd med medlemsstatane, vedta gjennomføringsreglar for denne forordninga.

Artikkel 11

Denne forordninga tek til å gjelde den dagen ho vert kunngjord i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel,

20. desember 1995

For Rådet

J. M. EGULAGARAY

Formann

Fotnoter

1.

1 TEF nr. L 220 av 30.8.1979, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EØF) nr. 1370/90 (TEF nr. L 133 av 24.5.1990, s. 1)

2.

2 TEF nr. L 297 av 24.11.1979, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EØF) nr. 1370/90 (TEF nr. L 133 av 24.5.1990, s. 1).