St.prp. nr. 56 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet (2009-2013)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Erasmus Mundus II-programmet (2009-2013) vart formelt vedteke i EU 16. desember 2008 ved europaparlaments- og rådsavgjerd 1298/2008/EF. Programmet er ei vidareføring av Erasmus Mundus-programmet (2004-2008) som Noreg har teke del i, jf. St.prp. nr. 60 (2003-2004).

Avgjerda i EØS-komiteen går i denne omgangen berre ut på deltaking i tiltaksområde 1 og 3 i programmet ettersom dette er tiltaksområde som fell inn under den delen av EU-budsjettet som Noreg vanlegvis tek del i og medverkar til gjennom EØS-avtala. Det vil verte gjort framlegg om avgjerd om deltaking i tiltaksområde 2 seinare, og stortingsproposisjonen om samtykke til deltaking i tiltaksområde 2 vil verte fremja separat fordi det enno ikkje er avklart korleis Noreg skal delta i dette tiltaksområdet.

Deltaking i tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet inneber økonomiske plikter for Noreg over fleire år. Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen er difor naudsynt, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. For at Noreg og dei andre EØS/EFTA-statane skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, vert det lagt opp til at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1298/2008/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Til forsida