Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 59 (1996-97)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1997-98

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn og samandrag

Etter lov om universiteter og høgskoler av 12. mai 1995 § 39 kan studentopptaket til institusjon under lova regulerast/avgrensast etter forslag frå styret for institusjonen, dersom det er nødvendig av omsyn til kapasiteten eller ressurssituasjonen, eller når departementet finn at ei samla vurdering av utdanninga i landet gjer det nødvendig. For opptaksregulering av studium ved universiteta skal Stortinget samtykkje i vedtaket.

Regjeringa legg med dette fram proposisjon om opptaksregulering av studiane ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Forslag om opptaksrammer er baserte på vurderingar av kapasiteten i dei aktuelle utdanningane på bakgrunn av ressurssituasjonen, samt vurderingar av utviklinga når det gjeld avgang/fråfall i studia og søking av nye studentar.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har behandla søknadene om opptaksregulering på grunnlag av tilråding frå det enkelte universitetsstyret. Dei private høgskolane si rolle i høve til Noregsnettet er gitt ein eigen omtale, jf kap 3 i denne proposisjonen og St prp nr 1 (1996-97).

Regjeringa legg til grunn at sentrale politiske mål for fastsetjing av kapasiteten i høgre utdanning er:

  • å gje tilbod til flest mogleg kvalifiserte utdanningssøkjande, i tråd med individuelle ønske og det behov samfunnet har for høgt utdanna arbeidskraft

  • å ta i vare kvalitetskrav i studium og læringsmiljø og leggje til rette for at studium kan gjennomførast til normert tid.

  • å ha ei rimeleg geografisk fordeling på studietilbod og opptakskapasitet, og utnytte opptakskapasiteten ved dei enkelte institusjonane.

Desse måla inneber at det er ønskeleg å oppretthalde eit høgt opptaksnivå i dei mest etterspurde studia, utan at kvaliteten i tilboda blir forringa, samtidig som det blir lagt til rette for ei best mogleg utnytting av den samla studiekapasiteten i landet.

På dette grunnlaget foreslår Regjeringa at den nasjonale opninga av allmennfakulteta ved universiteta, og ved høgskolane som tilbyr HF-, SV- og MN-fag på lågare grad, skal gjelde også for studieåret 1997-98.

Til toppen
Til dokumentets forside