St.prp. nr. 59 (1996-97)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1997-98

Til innholdsfortegnelse

3 Dei private høgskolane si rolle i høve til Noregsnettet, med spesiell vekt på BI-stiftelsen

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er i Budsjett-innst S nr 12 (1994-95) og Budsjett-innst S nr 12 (1995-96) bede om å gjere ei vurdering av BI si rolle i det norske utdanningssystemet. I St prp nr 1 (1996-97) uttalte departementet mellom anna at ein ville komme tilbake med ein gjennomgang av Noregsnettet og BI si rolle i denne samanhengen i ein eigen proposisjon om opptaksregulering våren 1997.

3.1 Noregsnettet som styringsreiskap

Tanken om eit Noregsnett for høgre utdanning og forsking har vore styrande for Regjeringa sin politikk på området gjennom heile 1990-talet. For å oppnå ei kvalitetsheving i heile systemet, skal ressursar og studiekapasitet samla sett nyttast så effektivt som mogleg gjennom samarbeid og arbeidsdeling. Dette krev styring frå departementet si side. Det viktigaste området for styring er fordelinga av fag og studietilbod mellom institusjonane, inkludert dimensjonering og prioritering av bestemte utdanningar/fagområde.

Utdanningsstyremaktene sin styringsrett går fram av §§ 45 og 46 i lov om universiteter og høgskoler. Desse fastset at Kongen avgjer kva for grader, yrkesutdanningar eller andre utdanningsprogram institusjonen kan gje (§ 45), og at departementet avgjer kva for fag, emne e.l. som institusjonane kan tilby, og som skal gå inn i grunnlaget for grad, yrkesutdanning eller anna utdanningsprogram (§ 46). Spørsmål om opptaksregulering og dimensjonering er omtalt i § 39. Overordna statleg styring er eit grunnleggjande prinsipp i lova.

3.2 Private høgskolar og Noregsnettet

Det norske utdanningssystemet omfattar også ei rekkje private høgskolar. Desse blir regulerte av lov om eksamensrett for og statstilskudd til private høyskoler (privathøyskoleloven), som er ei lov som gir rettar for den enkelte institusjonen. Dette set dei private høgskolane i ei heilt anna stilling enn institusjonane under lov om universiteter og høgskoler i høve til Noregsnettet.

Institusjonane under lov om universiteter og høgskoler må søkje departementet om å etablere nye studium. Søknadene gjennomgår ei vurdering i høve til behov, etterspurnad og ressurssituasjon på det aktuelle fagområdet nasjonalt sett. Det er med andre ord det overordna nasjonale perspektivet og ikkje berre ønska til den enkelte institusjonen som er styrande. For private høgskolar er situasjonen ein annan. I forhold til statstilskott seier lova at det kan leggjast vekt på at utdanninga utfyller offentlege utdanningstilbod på felt der det er eit udekkja behov. Men departementet kan her verken trekkje inn behovsvurderingar eller andre Noregsnettomsyn i samband med behandlinga av søknader om eksamensrett. Etter privathøyskoleloven skal studium ved private høgskolar få eksamensrett dersom dei blir vurderte til å vere fagleg jamngode med studium ved statlege høgskolar og universitet.

Departementet fastset opptakstal og studenttal for dei statlege utdanningsinstitusjonane. Departementet kan influere på dimensjoneringa ved dei private høgskolane som får statsstøtte gjennom studenttal for tillskott og tilskottsprosent.

Departementet vil streke under at dei private høgskolane er ein viktig del av det norske utdanningssystemet. Dei deltar i stor utstrekning i det faglege samarbeidet institusjonane imellom, og fleire, som til dømes Det teologiske menighetsfakultet og BI Stiftelsen, har stor fagleg tyngde innanfor sine fagområde. Andre private høgskolar speler ei viktig rolle når det gjeld auken i utdanningskapasitet for prioriterte studium som til dømes sjukepleie, førskolelærar og informasjonsteknologi. Desse institusjonane gjer eit viktig supplement til det statlege tilbodet av prioriterte utdanningar.

3.3 Nærare om BI Stiftelsen

BI Stiftelsen skil seg ut blant dei private institusjonane. Han er ein av dei største høgre utdanningsinstitusjonane i landet, og har den største kapasiteten i økonomiske-administrative fag. Både i kraft av storleik og kompetanse er det naturleg at BI speler ei sentral rolle innanfor høgre økonomisk-administrativ utdanning og forsking. I løpet av dei seinare åra har institusjonen fått eksamensrett for fleire studietilbod på høgt fagleg nivå, og det ligg no føre søknad om rett til å tildele doktorgrad.

BI Stiftelsen søkjer også om å få formalisert status som vitskapleg høgskole gjennom godkjenning av doktorgradsprogram. Departementet understrekar at søknaden om rett til å tildele doktorgrad vil bli behandla i samsvar med privathøyskoleloven, slik dr. theol. graden ved Menighetsfakultetet blei. Privathøyskoleloven gjer høve til å gje eksamensrett når studium er fagleg jamngode, men ho gjer ikkje grunnlag for godkjenning eller anna formalisering av ein institusjon som vitskapleg høgskole eller som universitet.

3.4 Oppsummering av kap 3

Som det vil gå fram av det som er sagt over, er Noregsnettet eit styringsinstrument for departementet, men samstundes også eit samarbeidsmønster mellom institusjonane. Dette skal sikre kvalitet og relevans i det samla studietilbodet innanfor høgre utdanning. Noregsnettankegangen understrekar nasjonale omsyn. Den enkelte institusjonen må skape seg ein plass innanfor det overordna rammeverket ut frå prinsippet om samarbeid og arbeidsdeling.

Det er gjort greie for at rammene for statlege institusjonar og private høgskolar prinsipielt sett er ulike, og at noregsnettkonseptet ikkje kan nyttast på same måten. Dei private høgskolane si rolle i Noregsnettet og det norske utdanningssystemet vil manifestere seg gjennom arten av og kvaliteten på dei studia som institusjonane tilbyr, gjennom fagutvikling på heilt nye felt ved at dei private høgskolane går inn der det er dokumenterte nasjonale behov. Dei samarbeidsrelasjonane dei sjølv etablerer med andre høgre utdanningsinstitusjonar, nasjonalt og internasjonalt, vil vere avgjerande for fagleg utvikling og status. Noregsnettet skal ikkje nyttast til å definere dei vekk: dei skal i kraft av eigen fagleg tyngd medverke i arbeidet for å utvikle både kvalitet og fagleg mangfold innan norsk høgre utdanning.