St.prp. nr. 59 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid om akutt havureining

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Fellesskapsramma for samarbeid om akutt havureining vart formelt vedteken i EU 20. desember 2000 gjennom europaparlaments- og rådsvedtak 2850/2000/EF. Fellesskapsramma skal gjelde for tidsrommet frå 01.01.00 til 31.12.06, og er meint å skulle støtte opp om dei verkemidla som alt finst på området. Budsjettet for ordninga er sett til 1 million euro per år, som tilsvarar om lag 8,56 millionar kroner.

Det er opna for at EFTA/EØS-statane kan ta del i fellesskapsramma. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 artikkel 3 i EØS-avtala vert endra. Ettersom ordninga går over fleire år, vil norsk deltaking gjere det naudsynt med løyvingsvedtak, og det er difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i fellesskapsramma så snøgt som råd, vert det lagt opp til at det vert innhenta samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i komitémøtet 11. mai 2001, men datoen kan verte endra.

Europaparlaments- og rådsvedtaket og utkast til avgjerd i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.