St.prp. nr. 6 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. Juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS)

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

Norsk språk er den viktigaste berebjelken i norsk kultur og eit grunnlag for vår nasjonale identitet. Arbeidet for å bevare norsk som bruksspråk på alle område i samfunnet er derfor eit viktig nasjonalt innsatsområde. Dette gjeld ikkje minst på IT-feltet, og innan språkteknologi, der engelsk har ei dominerande rolle og dermed fortrengjer norsk. I utgreiinga Skape - bevare - formidle. Grunnlagsmateriale for en IT-plan for kultursektoren (Kulturdepartementet 1996) blir det slått fast at det trengst ei brei mobilisering for å verne om norsk språk gitt dei nye forholda innan IT-sektoren.

EU har alt sett i gang fleire program på IT-området. I tillegg til dei programma som alt er skipa, har EU funne det tenleg å skipe eit fleirårig program som tek sikte på å ivaretake stillinga til dei små språka i informasjonssamfunnet. Programmet er kalla «Multilingual Information Society», ofte forkorta MLIS. Programmet er nærare omtalt under pkt 2 nedanfor.

Ved vedtak nr 37/97 av 27. juni 1997 vedtok EØS-komitéen å endre protokoll 31 til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet om samarbeid på særskilde område utanfor dei fire fridomane. Samarbeidet mellom avtalepartane er utvida til å omfatte eit fleirårig program som skal fremje stillinga til dei små språka i informasjonssamfunnet.

MLIS-programmet har faglege koplingar til programmet INFO 2000 og delprogrammet «Language Engineering» under særprogrammet «Telematikkanvendelser» i EU sitt fjerde rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjon (1994-98). Desse programma er alt ein del av EØS-avtala. EØS-komitéen sitt vedtak og vedtaket til EU om å setje i verk programmet fylgjer som vedlegg til proposisjonen.