St.prp. nr. 6 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltaking for EØS/EFTA-statane i EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Sysselsetjingsprogrammet vart vedteke i EU 10. juni 2002 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1145/2002/EF om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga. Føremålet med programmet er å fremje samarbeid og utveksling av informasjon om sysselsetjingspolitikken.

Noreg tok del i EU-programmet om analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet (1998-2000), jf. St.prp. nr. 95 (1998-99). Dette programmet vert no ført vidare av EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga.

Det er opna for at EØS/EFTA-statane også kan ta del i det nye sysselsetjingsprogrammet. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 i EØS-avtala blir endra. Ettersom ordninga går over fleire år, vil norsk deltaking gjere det naudsynt med løyvingsvedtak, og det er difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal ta del i programmet så snøgt som råd, blir det lagt opp til at det blir innhenta samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i januar 2003, men datoen kan verte endra.

Europaparlaments- og rådsavgjerda og utkast til avgjerd i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.