St.prp. nr. 62 (2003-2004)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål og 21.50 Jernbaneformål, og under Andre saker.

Proposisjonen gjeld desse sakene:

Under 21.20 Luftfartsformål:

  • Samferdselsdepartementet gjer greie for endeleg eigenkapital i samband med etableringa av Avinor AS.

Under 21.30 Vegformål:

  • Stikkordet « kan overførast» blir foreslått tilføydd kap. 1320, post 60 Forsøk.

  • Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringsbidrag på omsetning av drivstoff i Tromsø (Tromsøpakke 2).

  • Det blir gjort greie for bygging av midtrekkverk og andre tiltak for å redusere ulykkene på E6 gjennom Østfold.

  • Departementet gjer greie for installering og finansiering av videoovervaking av Oslofjordtunnelen.

  • På bakgrunn av gjennomført ekstern kvalitetssikring av E6 Nordre avlastningsveg i Trondheim blir det gjort greie for styrings- og kostnadsramme for prosjektet.

  • Departementet orienterer om auka kostnadsoverslag og svikt i bompengeinntektene for Namdalsprosjektet.

Under 21.50 Jernbaneformål:

  • Departementet orienterer om etablering av ein skule for lokomotivførarutdanning mv. som er uavhengig av dei enkelte togoperatørane når jernbanedrifta blir konkurranseutsett.

  • Det blir gjort greie for arbeidet med konkurranseutsetjing av produksjonsverksemda i Jernbaneverket.

Under andre saker:

  • Det blir orientert om hurtigrutemuseet.

Til toppen
Til forsida av dokumentet