St.prp. nr. 64 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

I proposisjonen vert Stortinget bede om å gje sitt samtykke til ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane. Endringa gjeld innlemming av EU-programmet eContent i EØS-avtala. Norsk deltaking i programmet krev eit eige budsjettvedtak, og difor er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltakinga i avgjerda.

Noreg har gjennom EØS-avtala teke del i dei to føregåande EU-programma INFO2000 (1996-99) og MLIS (Multilingual Information Society) (1997-99). Frå 1. januar 2001 vart det nye programmet eContent skipa. Det formelle vedtaket i EU om skipinga av eContent vart gjort 22. desember 2000. eContent er eit fleirårig program (2001-2004) som tek sikte på å stimulere europeiske informasjonsprodusentar til å utvikle og ta i bruk nye multimedieprodukt og -tenester.

Avgjerda i EØS-komiteen og rådsdirektivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.