St.prp. nr. 65 (2006-2007)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stortinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferds­vederlagsutvala m.m.)

Til innhaldsliste

1 Stortinget si rettferdsvederlagsordning

1.1 Innhaldet i stortingsproposisjonen

Stortinget si rettferdsvederlagsordning er Stortinget si eiga vederlagsordning, der einskildpersonar som har kome særleg uheldig ut, kan søkje om ein skjønnsmessig kompensasjon. I proposisjonen blir det gitt ei orientering om ordninga. Det blir mellom anna gjort greie for prinsippa for tildeling av rettferdsvederlag og for korleis ordninga er organisert. Vidare blir det gitt ei utgreiing om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala og om arbeidet i sekretariatet for utvala og i underliggjande fagetatar. Stortingsproposisjonen har vore lagd fram for Justissekretariata og Stortinget sine rettferdsvederlagsutval I og II.

Det er Stortinget sine rettferdsvederlagsutval som gjer vedtak i saker om rettferdsvederlag, men det er Stortinget som behandlar saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over kr 200 000 (med unntak av saker etter St.meld. nr. 24 der rettferdsvederlagsutvala er gitt fullmakt til å gi opptil kr 300 000), og saker av særleg politisk art. 1 I denne proposisjonen blir det lagt fram for Stortinget fem saker der det er aktuelt å tilkjenne rettferdsvederlag på over kr 200 000.

1.2 Rettferdsvederlagsordninga – historie, organisering og prinsipp for tildeling

1.2.1 Bakgrunnen for og utviklinga av rettferds­vederlagsordninga

Stortinget si rettferdsvederlagsordning er svært gammal, og vi kan sjå ordninga i samanheng med «andragender, søknader og bønneskriv» som einskildpersonar heilt sidan 1814 har fremja for Stortinget. Ut gjennom 1900–talet auka talet på søknader, og saksbehandlinga blei uoversiktleg. På bakgrunn av dette blei det i 1938 vedteke at alle saker skulle sendast over til Finansdepartementet, som etter å ha innhenta fråsegner frå fagdepartementa, la sakene fram for Stortinget i årlege stortingsproposisjonar.

Søknadsmengda auka ytterlegare, og i 1953 blei det oppretta eit utval (Rettferdsvederlagsutvalet) for å avgjere sakene i første instans, med høve til å klage til Stortinget. I 1972 blei det samordnande ansvaret for sakene overført til det dåverande Forbrukar– og administrasjonsdepartementet, og i 1981 til Justisdepartementet. Frå 1.1.2004 overtok Justissekretariata oppgåva som sekretariat for rettferdsvederlagsutvala.

I 1814 blei det behandla fire saker om rettferdsvederlag i Stortinget. I den første stortingsproposisjonen som blei fremja av Finansdepartementet i 1938, blei det fremja 19 saker. I åra 1947–1952 fekk Stortinget til saman 153 saker til behandling. Talet på saker auka etter dette gradvis. I 1990 tok Justisdepartementet imot totalt 238 søknader, i 1995 kom det inn 682 søknader, og i 1998 hadde talet stige til ca. 1400. Etter dette kom det i 2000 inn 540 søknader til Justissekretariata, medan det i 2001 kom inn 532 søknader. Ei nærmare utgreiing om sakstilfang etter dette blir gitt under punkt 2.2.

I St.prp. nr. 72 (1998–1999), jf. Innst. S. nr. 4 (1999–2000), la den dåverande regjeringa fram ei vurdering av prinsippa bak og organiseringa av rettferdsvederlagsordninga. Justiskomiteen og Stortinget slutta seg til prinsippa for tildeling, avgrensingar og avvising av rettferdsvederlagssaker, jf. vedtak i Stortinget 26. oktober 1999. Vidare fekk regjeringa tilslutning til dei føreslåtte endringane i organiseringa av rettferdsvederlagsordninga, mellom anna blei høvet til å anke til Stortinget teke bort. Grunngivinga var at det blei halde for å vere lite heldig at Stortinget skulle behandle ei rad einskildsaker om rettferdsvederlag, jf. òg Innst. S. nr. 75 (1996–1997), der det heiter at «dette er ei oppgåve som ligg på sida av det som skal vere Stortinget sine arbeidsoppgåver». Justiskomiteen har også understreka at rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning, og at det er viktig at avgjerdene blir tekne på grunnlag av eit folkeleg skjønn, meir enn på eit juridisk og regelbunde grunnlag, jf. Innst. S. nr. 4 (1999–2000). 2

Stortinget si rettferdsvederlagsordning er fleire gonger blitt tilpassa eller utvida, sist då erstatningsordninga for krigsborn og erstatningsordningane for romanifolk/taterar og eldre utdanningsskadelidande samar og kvener, jf. St.meld. nr. 44 (2003–4004) og Inst. S. nr. 152 (2004–2005), og erstatningsordningane for born i barneheimar og spesialskular for born med åtferdsvanskar, jf. St.meld. nr. 24 (2004–2005) og Innst. S. nr. 217 (2004–2005), blei vedtekne våren 2005. 3

Som følgje av auka sakstilfang blei det i 2005 oppretta eit nytt mellombels utval (Rettferdsvederlagsutval II), jf. Innst. S. nr. 64 (2005–2006) frå presidentskapen i Stortinget og vedtak i Stortinget 20.12.2005.

Figur 1.1 

Figur 1.1

Figur 1.1 viser korleis rettferdsvederlagsordninga er organisert.

1.2.2 Organiseringa som gjeld i dag

1.2.2.1 Stortinget og Stortinget sine rettferds­vederlagsutval

Som nemnt ovanfor er det Rettferdsvederlagsutval I og II som tek avgjerder i rettferdsvederlagssaker. Det er ikkje høve til å klage på avgjerdene i utvala. Det er derimot Stortinget som behandlar saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over kr 200 000 (med unntak av saker etter St.meld. nr. 24 der rettferdsvederlagsutvala er gitt fullmakt til å gi opptil kr 300 000), saker av særleg politisk art som blir oversende frå utvala, og årsmeldinga for rettferdsvederlagsordninga. Gjennom behandlinga av årsmeldingane blir Stortinget halde orientert om utviklinga, og får høve til å kome med signal og synspunkt. 4 Justiskomiteen uttalte i Innst. S. nr. 4 (1999–2000) at ein rekna med at saker av «særlig politisk art» i første rekkje kom til å dreie seg om saker der fleire fremjar samanliknbare søknader innanfor det same problemområdet, eventuelt om einskildsaker som reiser prinsippspørsmål som gjer det ønskjeleg med ei meir omfattande politisk behandling. Ingen slike saker har førebels vore lagde fram for Stortinget.

Rettferdsvederlagsutvala er oppretta av Stortinget, og har ein dommar med varamedlem og to stortingsrepresentantar med kvart sitt varamedlem, jf. Innst. S. nr. 64 (2005–2006). 5 Tidlegare var det eit vilkår at dommaren fylte vilkåra for å vere høgsterettsdommar; no er det tilstrekkeleg at dommaren fyller vilkåra for å vere lagdommar eller tingrettsdommar.

1.2.2.2 Justissekretariata og faginstansane

Justissekretariata er i dag sekretariat for rettferdsvederlagsutvala, 6 og søknader blir derfor sende dit. Justissekretariata har ansvaret for den førebuande saksbehandlinga – anten sjølve eller ved å koordinere saksbehandlinga i andre etatar. For søknader der grunnlaget for vederlag er mobbing av krigsborn og taterar/romanifolket, og for søknader der grunnlaget er personskade som følgje av straffbare handlingar utførte før valdsoffererstatningsforskrifta blei sett i kraft (1. januar 1975), særleg skade på grunn av seksuelle overgrep, blir heile saksførebuinga gjort av Justissekretariata. Søknader som er baserte på andre grunnlag, blir sende vidare til den aktuelle faginstansen, ofte til Utdanningsdirektoratet (udir), som mellom anna førebur søknader der det blir sett fram påstand om mangelfull utdanning, og til Barne–, ungdoms– og familiedirektoratet (bufdir) der grunnlaga for søknadene gjerne er knytt til mellom anna barnevern (fosterheimar, barneheimar, manglande inngrep frå barnevernets side) og adopsjon. Sosial– og helsedirektoratet, (shdir) førebur søknader der grunnlaget mellom anna er påstått svikt i helsestellet. Kva fagorgan som behandlar søknaden, er altså avhengig av det konkrete grunnlaget som er gjort gjeldande for kvar einskild søknad om rettferdsvederlag. Ettersom rettferdsvederlagsordninga er basert på skjønn, 7 kan søknadsgrunnlaget i prinsippet omfatte alle livsområde, og det kan derfor ikkje setjast opp noka uttømmande liste over aktuelle søknadsgrunnlag eller over aktuelle fagetatar som får saker til førebuing.

1.3 Den førebuande saksbehandlinga

Justissekretariata skal gjennomgå søknaden innan ei veke etter han er komen inn, og søkjaren skal orienterast om kor lang saksbehandlingstida venteleg vil vere. I det same brevet blir det også etterspurt eventuell manglande dokumentasjon i saka. Ofte gjeld søknaden grunnlag som må utgreiast av fleire faginstansar. I desse sakene blir søknaden med vedlegg send over til dei aktuelle faginstansane for utgreiing. Saka blir arkivert til oppfølging på ein viss dato, i påvente av fråsegn(er) frå faginstans(ar) og eventuelle tilleggsopplysningar frå søkjaren. To månader før saksbehandlingstida som er oppgitt i brevet til søkjaren, går ut, blir faginstansen(–ane) purra. Ved behov sender sekretariata eit varsel til søkjaren om ny forventa saksbehandlingstid dersom saka enno ikkje er ferdigbehandla i faginstansen(–ane). 89

Når fråsegn(er) frå faginstans(–ane) ligg føre, og andre nødvendige opplysningar i saka er skaffa fram, utarbeider Justissekretariata ei innstilling som blir send 10 til førebuande gjennomgang av dommarrepresentantane i Rettferdsvederlagsutval I eller II. Disse legg sakene fram for utvala og gjer vedtak i dei saman med stortingsrepresentantene. Møta deira blir haldne ca. éin gong i månaden. Etter at ei sak er avgjord, blir ho returnert til Justissekretariata, som syter for å sende ut vedtaket til søkjaren innan fire veker etter at utvalet avgjorde saka.

1.4 Prinsipp for tildeling og utmåling av rettferdsvederlag

1.4.1 Omsyn som ligg til grunn for rettferds­vederlagsordninga

Bakgrunnen for at rettferdsvederlagsordninga blei oppretta, var eit ønske om at personar som har kome særleg uheldig ut, kan søkje Stortinget om ein kompensasjon basert på skjønn. I somme tilfelle er det ønskjeleg å råde bot sjølv om ei sak er blitt forelda, og/eller at det kan vere vanskeleg å bevise at dei allmenne vilkåra for erstatning er til stades.

Ordninga er meint som ei oppreising for eit bestemt forhold, og skil seg dermed frå erstatningsretten, der siktemålet er å rette opp att skaden, det vil seie først og fremst å kompensere for det økonomiske tapet. Ordninga skil seg også frå sosial– og trygdeordningane, der siktemålet er å dekkje dei noverande behova til dei som har rett på stønad. Ordninga er basert på vurderingar som byggjer på reint skjønn, utan nokon formelle vilkår, og det gjer at ho kan tilpassast ulike søknadsgrunnlag. For å imøtekome ulike krav frå ulike grupper er rettferdsvederlagsordninga fleire gonger blitt tilpassa av Stortinget.

Rettferdsvederlagsordninga er meint som ein siste utveg for å oppnå ein økonomisk kompensasjon for skade eller tap. Det inneber at dersom vedkomande får dekt eit tap eller liknande gjennom andre ordningar, eller dersom det ligg føre rettsleg grunnlag for erstatning, så kan ein ikkje få rettferdsvederlag. Dette gjelder likevel ikkje fullt ut for saker etter St.meld. nr. 24, der rettferdsvederlagsutvala har vedteke at det kan bli søkt om rettferdsvederlag sjølv om det er motteke kommunal erstatning. Rettferdsvederlagsordninga fungerer som ein tryggingsventil, der ein person som har kome særleg uheldig ut, kan få ein kompensasjon dersom vedkomande ikkje har rettsleg krav på erstatning eller på annan måte får dekt tapet gjennom det offentlege systemet.

1.4.2 Prinsipp for tildeling av rettferdsvederlag

Eit rettferdsvederlag er ein kompensasjon som blir ytt på grunnlag av ei vurdering basert på skjønn, utan at det ligg føre noko rettsleg grunnlag for erstatningsansvar. Ingen har såleis noko rettsleg krav på ein slik kompensasjon. Rettferdsvederlagsordninga har i dag ingen foreldingsreglar, og grunnlaget for søknadene ligg ofte langt tilbake i tid, noko som gjer bevisvurderinga vanskeleg.

Ordninga byggjer på sedvane og er ikkje nærmare regulert i formelle reglar. I den skjønnsmessige vurderinga blir tidlegare praksis i rettferdsvederlagsutvala i tilsvarande saker lagd til grunn. Ved vurderinga blir det lagt vesentleg vekt på om skaden har samanheng med kritikkverdige forhold som offentlege styresmakter er ansvarlege for, uavhengig av om det er tale om aktløyse som gir grunnlag for rett til erstatning. Det er likevel utarbeidd ein del tilpassingar av rettferdsvederlagsordninga der grunnprinsippa og avgrensingane i ordninga er utvida, jf. St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener og St.meld. nr. 24 (2004–2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar. Rettferdsvederlagsordninga er også tidlegare blitt tilpassa i forhold til andre krav frå ulike grupper, mellom andre taterar, HIV–smitta, hepatitt C–smitta og lobotomerte.

Skade som følgje av naturkatastrofar, krigstilstand eller liknande blir som hovudregel ikkje kompensert etter ordninga. Heller ikkje tap etter ulykker og hendelege uhell blir til vanleg dekte. Det blir etter fast praksis ikkje gitt rettferdsvederlag på grunn av vanskelege oppvekstforhold eller sjukdom, med mindre det offentlege har hatt innverknad på det som har gått føre seg, og kan klandrast. Kriteriet om at skaden skal kunne tilbakeførast til det offentlege, blir likevel ikkje praktisert heilt konsekvent, for ein del sakstypar fell inn under rettferdsvederlagsordninga trass i at det offentlege ikkje kan klandrast. Det gjeld særleg personskadar som følgje av straffbare handlingar utførte før valdsoffererstatningsforskrifta blei sett i kraft (1. januar 1975), særleg skadar på grunn av seksuelle overgrep.

Rettferdsvederlagsordninga er etter praksis avgrensa mot følgjer av allmenne samfunnsproblem som gjeld mange personar i befolkninga. Til dømes gir ikkje byrde som følgje av generelt manglande kapasitet i det offentlege helsestellet grunnlag for rettferdsvederlag. Søknadene om vederlag etter den ordinære rettferdsvederlagsordninga blir vurderte opp mot det som var fagleg og politisk akseptert på den tida då den påståtte skaden eller ulempa oppstod. Det at ein i lys av seinare erfaring og kunnskap vurderer tidlegare lovgiving, politiske tiltak, behandlingsformer eller liknande annleis, kan derfor generelt sett ikkje danne grunnlag for vederlag. Tap som har si årsak i private rettsforhold, blir etter praksis heller ikkje kompenserte etter rettferdsvederlagsordninga. Det gjeld mellom anna tap som har med avtaleforhold å gjere, tap som følgjer av mangelfull forsikring, eller tap som har samanheng med verksemd eller oppførsel som generelt inneber ein risiko. Elles er det i utgangspunktet inga sakleg avgrensing når det gjeld kva ein kan søkje om rettferdsvederlag for. Alle saker der ein person hevdar å ha vore utsett for feil eller forsømmingar frå offentlege styresmakter si side, og der det ikkje ligg føre ein avvisingsgrunn, blir tekne til behandling. Men om søknaden blir imøtekomen eller ikkje, er altså avhengig av resultatet av ei konkret, skjønnsmessig vurdering. Rettferdsvederlag blir som hovudregel gitt til einskildpersonar, og berre til den som sjølv har kome uheldig ut. Berre unntaksvis blir det gitt vederlag til pårørande/etterlatne, og då berre dersom desse sjølve har lide eitt økonomisk tap.

1.4.3 Forholdet til domstolane og andre kompensasjonsordningar

Det blir i praksis ikkje ytt rettferdsvederlag i tilfelle der skaden eller ulempa er omfatta av allmenne erstatningsordningar eller av trygde– eller forsikringsordningar osv. Vederlaget er heller ikkje meint som eit korrektiv eller supplement til trygdeytingar eller sosiale stønader osv.

Det blir halde for å vere lite tenleg å la rettferdsvederlagsordninga supplere område der styresmaktene positivt har vurdert det offentlege sitt erstatningsansvar, og der ein meiner at rettsstillinga til søkjaren er uttømmande regulert av gjeldande erstatningsordningar. 11 Det finst fleire etablerte erstatningsordningar, til dømes Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) og valdsoffererstatningsordninga. 12 Det er også oppretta ei rad særordningar (eigne skjønnsmessige oppgjer), sjå nærmare omtale under pkt. 1.6.

Rettferdsvederlagsordninga fungerer heller ikkje som eit fritt valt alternativ til domstolane og høvet til å reise rettsleg søksmål. Søknader som krev omfattande og kompliserte rettslege eller bevismessige vurderingar som naturleg høyrer inn under domstolane, blir i praksis avslått etter ordninga. 13 Der søkjaren meiner å ha eit erstatningskrav som ikkje er forelda, 14 blir det som hovudregel vist til at ein har høve til å reise søksmål, eller til at det er mogleg å fremje eit krav overfor den ansvarlege offentlege styresmakta utan at ein nødvendigvis lyt ta ut stemning.

1.4.4 Bevisvurdering

Rettferdsvederlag kan ytast dersom det blir halde for å vere tilstrekkeleg sannsynleggjort at dei oppgitte forholda har skjedd, og dersom det er sannsynleg at forholda har påført søkjaren lidingar/tap av eit visst omfang. Det blir gjennomført ei fri bevisvurdering, og avgjerda blir teken på bakgrunn av dokumenta i saka. Fordi det store fleirtalet av rettferdsvederlagssaker er gamle og gjeld forhold som er forelda, er det spesielle problem knytte til dokumentasjon, sjå nærmare omtale under kap. 3.2.

1.4.5 Utmåling

Rettferdsvederlaget tek ikkje sikte på å dekkje dei økonomiske tapa til søkjaren. Vederlaget er meint å vere ei «handsrekning», der beløpet blir utmålt etter ei skjønnsmessig vurdering basert på kva som blir rekna som rimeleg. Rettferdsvederlagsutvala har kompetanse til å yte rettferdsvederlag på opptil kr 200 000 (med unntak av saker etter St.meld. nr. 24 der rettferdsverderlagsutvala har fått fullmakt til å gi opptil kr 300 000). Vederlag som går ut over dette beløpet, må vedtakast av Stortinget, jf. St.prp. nr. 72 (1998–1999) og Innst. S. nr. 4 (1999–2000). I 2006 låg det løyvde beløpet i fleirtalet av dei ordinære rettferdsvederlagssakene på mellom kr 20 000 og kr 100 000, sjå tabell 1.1.

Tabell 1.1 Rettferdsvederlag 2006

Sakstype/vederlagsbeløpAvslag1–20 00020 001–50 00050 001–100 000100 001–150 000150 001–200 000
Alle sakstypar samla1735461241833111
Talet på saker: 1068(16 %)(51 %)(12 %)(17 %)(3 %)(1 %)
Ordinære rettferdsvederlagssaker13522248138
Talet på saker: 228(59 %)(1 %)(10 %)(21 %)(6 %)(4 %)
Krigsborn25449653790
Talet på saker: 585(4 %)(77 %)(11 %)(6 %)(2 %)(0 %)
Romanifolk/taterar194322641
Talet på saker: 158(1 %)(59 %)(20 %)(16 %)(3 %)(1 %)
Samar/kvener7006400
Talet på saker: 71(10 %)(0 %)(0 %)(90 %)(0 %)(0 %)
Barneheimar/skular (St.meld. nr. 24)515852
Talet på saker: 26(19 %)(4 %)(19 %)(31 %)(19 %)(8 %)

1.5 Generelt om forelding av erstatningskrav retta mot det offentlege – tilhøvet til Stortinget si rettferdsvederlags­ordning

Eit nødvendig vilkår for at det ligg føre alminneleg erstatningsansvar 15 , er at ansvaret ikkje har falle bort som følgje av forelding. I lov 18.05.1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer § 9 er det teke med ei særskild føresegn om forelding av krav på skadeserstatning.

Når eit krav er forelda, har den skadelidne ikkje lenger noko rettsleg krav på erstatning, og det klare utgangspunktet er då at staten heller ikkje utbetaler erstatning. Det kan hevdast at det offentlege, som andre eventuelt erstatningsansvarlege, på fritt grunnlag kan velje å sjå bort frå at eit krav er blitt forelda. Det er likevel ein del spesielle forhold som gjer seg gjeldande for det offentlege, sidan ein forvaltar midlar som tilhøyrer fellesskapet. Dersom ein vel å sjå bort frå reglane om forelding, favoriserer ein altså nokon på vegner av fellesskapet. Ein bør derfor vere varsam med å sjå bort frå forelding, og det bør skje etter nokolunde einsarta retningslinjer for å unngå usakleg forskjellsbehandling.

Av kgl. res. 29.05.92, som gjaldt endring av reglane om erstatningskrav mot staten, gjekk det fram at vurderinga av om ein skal fråfalle foreldingsmotsegn, må skje ut frå ei konkret vurdering basert på skjønn, og at viktige moment i ein slik samanheng vil vere om den som set fram kravet, utan eiga skuld kjem til å lide eit tap dersom foreldingsmotsegna blir gjord gjeldande. Det vil også telje med om det offentlege kan klandrast for at kravet er blitt forelda. Sjølv om desse kriteria ikkje går uttrykkjeleg fram av kgl. res. 20.12.02, må den praksisen som kriteria i kgl. res. 29.05.92 gav retningslinjer for, framleis reknast som retningsgivande.

Også i samband med Stortinget si rettferdsvederlagsordning lyt ein ta omsyn til prinsippa om fråfall av foreldingsmotsegn. Denne ordninga etablerer ikkje noko rettsleg krav på erstatning; ho opnar berre for å gi eit vederlag. Spørsmålet om vederlag skal givast eller ikkje, og kor stort det eventuelle beløpet skal vere, blir vurdert etter rimeleg skjønn, jf. òg pkt. 1.4.2. Grunnkriteria for å kunne tilkjenne rettferdsvederlag er som tidligare nemnd at søkjaren har kome særleg uheldig ut i forhold til andre som er i ein tilsvarande situasjon, og/eller at det offentlege er å klandre for dei forholda søknaden byggjer på. Desse kriteria har element i seg som etter omstenda også gjer seg gjeldande ved vurderinga av om staten bør fråfalle foreldingsmotsegner. Det er likevel grunn til å understreke at ei av grunngivingane for rettferdsvederlagsordninga nettopp er å råde bot på at eit forhold er blitt forelda, og at det kan vere vanskeleg å bevise at dei allmenne vilkåra for erstatning er til stades.

Det at den subsidiære rettferdsvederlagsordninga allereie er nytta, kan i prinsippet ikkje avskjere eit seinare krav på erstatning etter allmenne erstatningsrettslege prinsipp, men at det er tilkjent rettferdsvederlag, kan vere eit moment i den skjønnsmessige vurderinga av om staten bør fråfalle foreldingsmotsegn.

Dersom staten fråfell foreldingsmotsegn i eit slikt tilfelle, og dei andre vilkåra for erstatning ligg føre, vil den skadelidne i utgangspunktet ha eit rettsleg krav på å få dekt det fulle økonomiske tapet vedkomande har lide, med frådrag av det som allereie må reknast som tilkjent gjennom rettferdsvederlaget. Men dei allmenne erstatningsrettslege prinsippa krev at den skadelidne i alle høve må bevise at det offentlege kan klandrast for å ha gjort seg skuldig i aktløyse som gir grunnlag for erstatning, at den skadelidne er blitt påført eit erstatningsmessig tap, og at det er ein tilstrekkeleg nær og pårekneleg årsakssamanheng mellom tapet og aktløyse frå det offentlege si side.

1.6 Om særordningar og bruken av desse

I tillegg til den ordinære rettferdsvederlagsordninga har det ved fleire høve vore etablert særskilde vederlagsordningar for bestemte grupper. Særordningane skil seg ikkje i vesentleg grad frå den ordinære rettferdsvederlagsordninga, men staten har altså i somme tilfelle funne det rimeleg å gi ein kompensasjon til bestemte grupper. 16 Skiljet er blitt endå meir utviska ved at rettferdsvederlagsordninga ved fleire høve er blitt tilpassa spesielle typar av krav. 17

Det er etablert særskilde erstatningsordningar for norske jødar for den uretten dei og familiane deira blei utsette for under 2. verdskrigen, for nordmenn som sat i japansk fangenskap under 2. verdskrigen, for stråleskadde etter brystkreftbehandling ved Radiumhospitalet, for lobotomerte, for pionerdykkarar i Nordsjøen. For etterlatne etter forliset av Utvik senior og Mehamn-ulykka blei det etablert eigne erstatningsnemder.

Kven som har teke initiativet til dei særskilde erstatningsordningane, har variert, og ordningane har vore handterte på ulike måtar. Utgreiingane og administrasjonen har vore plassert under det departement ordningane naturleg har høyrt inn under. Justisdepartementet handterte i si tid erstatningsoppgjera til jødar og til nordmenn som sat i japansk fangenskap, ettersom desse erstatningsoppgjera ikkje har høyrt naturleg inn under noko anna departement.

Spørsmålet om ein skal kanalisere alle saker gjennom rettferdsvederlagsordninga i staden for å opprette særskilde erstatningsordningar, har tidlegare vore teke opp i Stortinget. 18 I St.meld. nr. 44 (2003–2004) 19 blei det som vedlegg lagt fram ein rapport frå ei arbeidsgruppe som vurderte krav om erstatning frå ulike grupper i samfunnet. I denne rapporten heiter det:

«Stortingets billighetserstatningsordning bør anvendes på rimelighetsbaserte krav om individuelle erstatninger også for de krav som i dag ikke imøtekommes av ordningen. Gruppen har i den forbindelse funnet det riktig å vurdere den nærmere utformingen av denne ordningen [....]»

På bakgrunn av dette uttalte Justiskomiteen i Innst. S. nr. 152 (2004–2005) under punkt 2.2:

«Hensynet til dem som av ulike grunner ønsker å søke om en økonomisk kompensasjon for overgrep/overlast som de har vært utsatt for, tilsier at det bør være enkelt å finne frem til rette instans. Komiteen er derfor enig med departementet i at oppretting av flere særskilte erstatningsordninger er lite hensiktsmessig.»

Stortinget vedtok å opprette ei særskild nemnd ved behandlinga av rapporten frå kommisjonen som granska Mehamn–ulykka, jf. Innst. S. nr. 125 (2005–2006). Men ved behandlinga av denne saka uttalte Stortinget at framtidige saker først og fremst bør kanaliserast gjennom rettferdsvederlagsordninga, sjå Innst. S. nr. 125 (2006–2006) side 11. Regjeringa sluttar seg til dette synet.

1.7 Erstatningar etter andre ordningar administrerte av Justissekretariata

Justissekretariata har per i dag ikkje datatekniske løysingar som kan gi informasjon om kor mange det totalt er som søkjer om rettferdsvederlag etter å ha fått avslag på søknad om erstatning etter andre ordningar administrerte av Justissekretariata. Justissekretariata har likevel erfaring for at det er relativt få som søkjer om rettferdsvederlag i slike tilfelle. Men i dei tilfella der det blir søkt om rettferdsvederlag etter at ein først har fått avslag på søknad etter ei anna ordning administrert av Justissekretariata, vil det gå fram av saksbehandlingssystemet at søkjaren har fremja søknad etter ei anna ordning tidlegare. For slike tilfelle er det innført rutinar for å unngå at den same saksbehandlaren behandlar søknader frå den same søkjaren.

Fotnotar

1.

Jf. vedtak i Stortinget 26.10.1999, St.prp. nr. 72 (1998–1999) og Innst. S. nr. 4 (1999–2000).

2.

Prinsippa for rettferdsvederlagsordninga og organiseringa gjeld framleis. Sjå nærmare omtale under pkt. 1.2.2.

3.

Sjå nærmare omtale under pkt. 3.1.

4.

Jf. vedtak i Stortinget 26.10.1999, St.prp. nr. 72 (1998–1999) og Innst. S. nr. 4 (1999–2000).

5.

Jf. vedtak i Stortinget 20.12.2005.

6.

Justissekretariata er også sekretariat for Erstatningsnemnda for valdsoffer og for den rettsmedisinske kommisjonen. I tillegg behandlar Justissekretariata klager etter lov om fri rettshjelp og gjer vedtak i saker som gjeld erstatning knytt til straffeforfølging, saker om tomtefeste og saker om stadfesting av testament. Justissekretariata hadde 34 medarbeidarar per 1.4.2007.

7.

Sjå nærmare omtale under pkt. 1.4.

8.

Varsel blir sendt til søkjaren to månader før saksbehandlingstida er omme.

9.

Justissekretariata har eigne rutinar for purringar overfor vedkomande faginstans.

10.

Utvala og sekretariata er i dag organiserte slik at ein fysisk sit ulike stader. Dermed unngår ein å kome i ein situasjon som kan innebere at det kan stillast spørsmål ved habiliteten til utvala.

11.

Dette gjeld også i tilfelle der søkjaren ikkje har fått medhald i erstatningskravet sitt etter ordningane, eller der forholdet er forelda i forhold til dei aktuelle ordningane.

12.

Andre erstatningsordningar er erstatning etter straffeprosesslova og krigspensjon.

13.

Der kravet har vore prøvd for domstolane utan at søkjaren har vunne fram, blir det som hovudregel ikkje gjort ei ny realitetsvurdering etter rettferdsvederlagsordninga.

14.

Nærmare om forelding under pkt.1.5.

15.

Eit særtrekk ved rettferdsvederlagsordninga er at det ikkje ligg føre erstatningsansvar. Ordninga er meint som ein kompensasjon (eit vederlag) og ikkje som ei «erstatning» i den rettslege meininga av ordet.

16.

Vilkåra for å gi erstatning er ikkje oppfylte, men staten har under gitte omstende og etter ei vurdering basert på rimeleg skjønn kompensert for tap, skade eller ulempe. Det er ikkje gitt full kompensasjon for det aktuelle tapet.

17.

Rettferdsvederlagsordninga er tidlegare tilpassa krav frå ulike grupper. Det gjeld taterar, HIV–smitta, hepatitt C–smitta, lobotomerte, krigsborn og samar/kvener.

18.

Stortinget behandla St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener, med vedlegg, 4.4.2005, jf. Innst. S. nr. 152 (2004–2005).

19.

St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener, side 74 og utetter.

Til forsida