St.prp. nr. 65 (2007-2008)

Om trygdeoppgjeret 2008

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å regulere grunnbeløpet (G) og særtillegget i folketrygda med verknad frå 1. mai 2008, samt å heve nivået på tilleggspensjonen som unge uføre er garanterte. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2008 som følgje av dette.

Trygdeoppgjeret for 2008 har vore drøfta i møte 27. og 28. mai 2008 mellom Regjeringa og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne.

Regjeringa gjer framlegg om at grunnbeløpet blir auka med 3 444 kroner frå 66 812 kroner til 70 256 kroner frå 1. mai 2008. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 5,5 prosent frå 2007 til 2008, noko som svarer til venta lønsvekst for lønstakarar i alt for same periode.

Partane blei samde om ein plan for å trappe opp minstepensjonen til einslege pensjonistar slik at han frå 1. mai 2010 utgjer to gonger grunnbeløpet. Første steget i denne planen er å heve den ordinære satsen for særtillegget frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008. Satsen blir deretter trappa vidare opp til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Når opptrappinga er fullført, vil minstepensjonen til einslege pensjonistar vere to gonger grunnbeløpet. Ektepar der begge er minstepensjonistar har òg ordinær særtilleggssats, og får difor full nytte av opptrappinga av særtillegget.

I samsvar med dette gjer Regjeringa framlegg om at den ordinære satsen for særtillegget skal vere 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008.

Partane blei samde om å finansiere auka særtillegg frå 1. mai 2008 ved å nytte etterslepet knytt til alders-, uføre, og etterlatnepensjonar frå trygdeoppgjeret i fjor. Den vidare opptrappinga av særtillegget er berekna å gi 113 mill. kroner i meirutgifter i 2009, 354 mill. kroner i 2010 og 386 mill. kroner i 2011 i akkumulerte beløp, med det grunnbeløpet som er foreslått. Regjeringa vil kome med framlegg om løyvingar til den vidare opptrappinga i åra framover i samband med dei ordinære statsbudsjetta.

Ved å nytte etterslepet knytt til alders-, uføre- og etterlatnepensjonar frå fjorårets trygdeoppgjer til ein ekstraordinær auke i særtillegget, vil det stå igjen eit etterslep knytt til andre ytingar som blir regulerte med grunnbeløpet. Regjeringa vil så snart som mogeleg gjere framlegg for Stortinget om korleis denne verdien skal førast tilbake til dei aktuelle ordningane innanfor ei provenynøytral ramme.

I trygdedrøftingane blei partane samde om å betre ordninga med garantert tilleggspensjon for unge uføre. Ordninga omfattar personar som er fødde uføre eller som har blitt uføre før dei har fylt 26 år. Desse får i dag medrekna framtidige pensjonspoeng med minst 3,30 for kvart år, sjå folketrygdlova § 3-21. Partane blei samde om å heve dei framtidige pensjonspoenga til 3,50 frå 1. mai 2008. Departementet gjer framlegg om naudsynte lovendringar i Ot.prp. nr. 64 (2007-2008).

Meirutgiftene ved å heve pensjonspoenga til 3,50 utgjer om lag 270 mill. kroner på årsbasis. Regjeringa gjer her framlegg om å auke løyvinga til tilleggspensjon med 180 mill. kroner for 2008. Dette kjem i tillegg til verknaden av auken i grunnbeløpet.

Etter framlegga aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar frå 1. mai 2008 med 16 476 kroner til 136 296 kroner per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med 31 896 kroner til 251 496 kroner per år. Pensjonen til ­einslege unge uføre aukar med 14 112 kroner til 173 532 kroner per år.

Dei samla meirutgiftene i folketrygda for 2008 som følgje av framlegga blir om lag 7 294 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane som følgje av høgare grunnbeløp frå 1. mai 2008, jf. St.prp. nr. 68 (2007-2008) Om lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2008 m.v.

Den økonomiske ramma for trygdeoppgjeret er fastsett etter Stortingets retningslinjer. Det er lagt til grunn ei venta inntektsutvikling frå 2007 til 2008 på 5,5 prosent. Vidare er det teke omsyn til avviket mellom den venta og reelle inntektsutviklinga frå 2006 til 2007 på 0,65 prosent.

Partane blei samde om ei fordeling innanfor den økonomiske ramma der ein i år nyttar noko av midlane til å heve minstepensjonane. Samstundes bidreg staten med midlar til å trappe opp minstepensjonen dei komande to åra, og til å betre ordninga for unge uføre. Løysinga er såleis ei samla pakke som har ein god sosial profil som gir dei med dei lågaste pensjonane eit særskilt løft. Andre pensjonistar får ein noko mindre auke i pensjonane i år enn om heile ramma hadde vore nytta til å heve grunnbeløpet.

Den løysinga partane har blitt samde om, inneber eit historisk løft for minstepensjonistar og unge uføre. Regjeringa vil i denne samanhengen framheve det gode og konstruktive samarbeidet med organisasjonane. Partane er medvetne om at reguleringa av grunnbeløpet i år ikkje fullt ut er i tråd med Stortingets retningslinjer. Regjeringa tilrår at Stortinget gjer eit unnatak frå retningslinjene i år. Partane er samde om at retningslinjene for reguleringa av grunnbeløpet skal leggjast til grunn ved oppgjeret i 2009.