St.prp. nr. 66 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-X)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen ber Regjeringa om samtykke frå Stortinget til å delta i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-X). AfDF er Afrikabankgruppa sitt utviklingsfond for dei fattigaste landa i Afrika, som på grunn av manglande lånetiltru ikkje kan få lån i Den afrikanske utviklingsbanken (AfDB). Fondet driv utlån på mjuke vilkår og yter gåvemidlar til fattigdomsreduserande tiltak. Nye ressursar vert hovudsakleg tilførte frå gjevarland som resultat av påfyllingsforhandlingar og gjennom tilbakebetalingar på tidlegare lån. Påfyllingsforhandlingar vert vanlegvis haldne tredjekvart år. Den førre påfyllinga av fondet (AfDF-IX) var i 2002 og gjaldt for perioden 2002-2004. Utlånspolitikken i fondet, omfanget av påfyllinga og byrdefordelinga mellom gjevarlanda utgjer sentrale tema i forhandlingane. Forhandlingane har så langt som mogeleg vore koordinerte med dei parallelle påfyllingsforhandlingane for Verdsbankens utviklingsfond (IDA).

Totalt kjem den 10. påfyllinga på om lag 37 milliardar kroner, medrekna ressursar som blir mobiliserte internt i bankgruppa. Dette er ein auke på nesten 43 prosent i høve til AfDF-IX. Dei utlikna kostnadene som Noreg får med å delta i påfyllinga, kjem på om lag 1 210 millionar kroner, som skal innbetalast over tre år. Dette utgjer 3,54 prosent av påfyllinga, som svarer til den delen Noreg har ytt i dei siste påfyllingane. I tillegg har Noreg sagt seg villig til å yte eit frivillig bidrag på 120 millionar kroner. Tilskot til AfDF går over kap. 0171 ”Multilaterale finansinstitusjoner, post 71 Regionale banker og fond, kan overføres.”

Som vedlegg følgjer tabell over tilskota frå dei ulike landa.