St.prp. nr. 68 (2000-2001)

Budsjettkonsekvensar for 2001 knytta til gjennomføring av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 15. desember 2000 la regjeringa fram si tilråding til vidareutvikling av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE. Regjeringa tilrår i den proposisjonen mellom anna:

  • endring av eigarstrukturen i Statoil og børsnotering av selskapet,

  • restrukturering av SDØE (sal av utvalde eigardelar til Statoil, Norsk Hydro og andre),

  • ny ordning for ivaretaking av SDØE - oppretting av eit nytt selskap som skal forvalta SDØE-porteføljen,

  • oppretting av eit nytt selskap for transport av naturgass.

På tidspunktet for framlegginga av proposisjonen var det ikkje mogleg å seia kor store utgifter og inntekter tilrådingane ville medføra. Regjeringa informerte om at budsjettkonsekvensane ville verta lagt fram for Stortinget når desse var nærare avklarte tidleg i 2001.

Regjeringa la 19. januar fram St.prp. nr. 40 (2000-2001) Om løyving for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE. I den proposisjonen ba regjeringa om ei løyving på 135 mill. kroner for å dekkja utgifter til førebuing av dei tilrådde tiltaka i St.prp. nr. 36, inkludert utgifter til eigne rådgjevarar og utgifter knytta til førebuing og sal av SDØE-eigardelar. Stortinget godkjende denne løyvinga 27. februar 2001, jf. Innst.S. nr. 118 (2000-2001).

Det vart i St.prp. nr. 40 informert om at budsjettkonsekvensane knytta til sjølve opprettinga og drifta av det nye selskapet som skal forvalta SDØE-porteføljen, utgifter til opprettinga av det nye selskapet for transport av naturgass, inntekter frå sal av SDØE-eigardelar og utgifter og inntekter i samband med aksjesal i og børsnotering av Statoil, skulle leggjast fram for Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Kor mykje av SDØE-porteføljen som skal seljast og kor stort aksjesal i Statoil som skal gjennomførast, har stor innverknad på utgiftene og inntektene til staten. Nokre avgjerder bør dessutan takast nærare opp mot tidspunkta for transaksjonane. Det er difor framleis ikkje mogleg å talfesta eksakt utgiftene og inntektene knytta til tiltaka.

Regjeringa vil i denne proposisjonen informera nærare om førebuing av opprettinga av det nye forvaltarselskapet for SDØE og førebuing av opprettinga av det nye selskapet for transport av naturgass, inkludert budsjettkonsekvensar for 2001. Vidare vert det lagt fram tilråding om bruk av stimuleringstiltak overfor småinvestorar og orientert om førebels vurdering av utgiftene knytta til aksjesal i og børsintroduksjon av Statoil. I tillegg vert det orientert om prosessen med å førebu sal av SDØE-eigardelar til Statoil.