St.prp. nr. 7 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 121/1999 av 24. september 1999 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Bakgrunnen for europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF av 19. mai 1998 om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser, er ønsket om å hindre at det vernet som kollektive forbrukarinteresser er gjeve i ei rekkje direktiv ved at dei er vortne tekne inn i lovgjevinga til medlemsstatane (sjå vedlegget til direktivet), ikkje skal svekkjast ved grenseoverskridande verksemd. Direktivet skipar eit grunnlag for at brot på slike kollektive forbrukarinteresser snøgt skal kunne stoggast. Det er derfor eit særleg føremål å hindre at ei verksemd skal kunne omgå regelverket ved å utøve den ulovlege verksemda i ein annan stat enn der verksemda er etablert. Eit slikt høve til omgåing vil svekkje den indre marknaden og verke konkurransevridande. Direktivet vil representere ei effektivisering av forbrukarvernet i EØS-området. Fristen for å gjennomføre direktivet i nasjonal rett er 1. januar 2001.

EØS-komiteen vedtok 24. september 1999 å endre vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF. Uoffisiell omsetjing av EØS-komitéavgjerd 121/1999 av 24. september 1999 og europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF av 19. mai 1998 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

For Noreg sin del vil innlemming i EØS-avtala av direktivet i norsk rett gjere det naudsynt med visse endringar i norsk lov. Då EØS-komiteen vedtok å innlemme direktivet i EØS-avtala, informerte Noreg derfor dei andre avtalepartane om at forfatningsrettslege krav må vere stetta i Noreg før avgjerda vil vere bindande.