St.prp. nr. 70 (2005-2006)

Om trygdeoppgjeret 2006

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å regulere grunnbeløpet (G) i folketrygda med verknad frå 1. mai 2006 og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2006 som følgje av reguleringa.

Regjeringa har lagt dei retningslinjene Stortinget fastsette i 2003 til grunn for framlegget, og har lagt vekt på å sikre pensjonistane ei inntektsutvikling minst på linje med lønstakarane. Etter regjeringas syn tek framlegget til G-regulering omsyn til dette på ein god måte.

I samsvar med retningslinjene har reguleringa av grunnbeløpet vore drøfta mellom regjeringa og organisasjonar for pensjonistane. Drøftingsordninga omfatta tidlegare Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg. Frå i år er ordninga utvida med Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Regjeringa la stor vekt på å kome fram til semje med organisasjonane, noko drøftingsmøta 22. og 23. mai 2006 førte fram til. Regjeringa og organisasjonane blei samde om å auke grunnbeløpet med kr 2 193 frå 1. mai i år.

Regjeringa gjer framlegg om at grunnbeløpet blir auka frå kr 60 699 til kr 62 892 frå 1. mai 2006. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 3,5 prosent frå 2005 til 2006.

Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar med kr 3 936 pr. år til kr 112 788 pr. år. For ektepar og sambuande der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med kr 7 200 pr. år til kr 206 712 pr. år.

Meirutgiftene for 2006 på grunn av høgare grunnbeløp blir om lag 3 890 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane frå 1. mai 2006, jf. St.prp. nr. 69 (2005-2006) Om lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2006 mv.