St.prp. nr. 71 (2003-2004)

Om endringar i statsbudsjettet for 2004 som følgje av takstoppgjera for psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Helsedepartementet gjer med dette framlegg om endring av løyvingane for 2004 under kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp, under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar og post 71 Refusjon fysioterapi og under kap. 732 Regionale helseføretak, postane 71-75. Auken på i alt 18,0 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot.

Forhandlingane om revidert avtale med Den norske lægeforening er førebels ikkje avslutta. Departementet bed om fullmakt til å gjere endringar i trygdeefusjonane for legane frå 1. juli 2004 på grunnlag av ein eventuell avtale om basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar. Det vil bli lagt fram sak for Stortinget seinare om endringar i dei aktuelle løyvingane i statsbudsjettet for 2004.

Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjera under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.