St.prp. nr. 72 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg deltek i den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunn

Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD, vart føreslege oppretta på Verdas Matvarekonferanse i 1974. IFAD tilbyr lån på gunstige vilkår til tiltak for å auke matproduksjonen i dei fattigaste utviklingslanda med matvareunderskot og til å betre ernæringsnivået og levevilkåra for dei fattigaste befolkningslaga i desse landa. Stortinget samtykte 6 mai 1977 i at Noreg ratifiserte avtalen om oppretting av IFAD, jf St prp nr 140 (1976-77) og Innst S nr 356 (1976-77). Fondet har vore verksamt frå byrjinga av 1978.

IFAD har 160 medlemsland. Det høgaste vedtaksorganet er Rådet som er samansett av guvernørar frå kvart medlemsland, som møtest årleg. Mellom dei årlege rådsmøta vert fondet leidd av eit styre på 18 faste medlemmer og eit tilsvarande tal varamedlemmer med møte- og talerett. Styret møtest tre gonger i året.

IFADs medlemsland har til no vore fordelt på tre kategoriar: Kategori I (OECD-land), kategori II (oljeproduserande utviklingsland - OPEC-land) og kategori III (låntakarland). Særtrekket ved IFAD var ved opprettinga at OECD-landa og OPEC-landa forplikta seg til å yte like mykje til fondets finansielle ressursar, og det var semje om at IFADs kapitalgrunnlag skulle bestå av omtrent like store regulære bidrag frå desse to gruppene. I tillegg kunne låntakarlanda gje frivillige bidrag i konvertibel eller ikkje-konvertibel valuta. Stemmeretten vart likt fordelt mellom dei tre kategoriane. Innanfor kategori I og II vart ein liten del av stemmene fordelt likt, medan dei resterande vart fordelte etter bidragsstorleik.

Ved opprettinga var fondets utlånskapital på US dollar 1 000 mill. Det vart vedteke kapitalpåfyllingar i 1982, 1986 og 1989 slik at IFAD til saman har vorte tilført US dollar 3 126 mill sidan opprettinga. Alt i IFADs andre kapitalpåfylling skjedde det ei forskuving i byrdefordelinga mellom OECD-gruppa og OPEC-gruppa, og dette skeive forholdet vart forsterka i den påfølgjande påfyllinga som vart ferdigforhandla i 1989. Den stadig skeivare byrdefordelinga mellom OECD- og OPEC-landa resulterte i at forhandlingane om den fjerde kapitalpåfyllinga i IFAD vart prega av kravet frå OECD-landa om at dette måtte få følgjer for styringsstrukturen i fondet.

IFAD opererer med tre former for utlånsvilkår: a) Utlån på særs gunstige vilkår som er rentefrie, men har eit administrasjonsgebyr på 0,75 % og skal tilbakebetalast over 40 år, b) utlån som har ei variabel rente tilsvarande 50 % av renta på Verdsbankens lån, og som skal tilbakebetalast over 20 år, og c) utlån på ordinære vilkår som har ei variabel rente tilsvarande renta på Verdsbankens lån, og som skal tilbakebetalast over 15 til 18 år. Vilkåra for kvart enkelt lån vert fastsett i forhold til låntakarlandets bruttonasjonalinntekt og kredittillit. I 1996 utgjorde utlån på særs gunstige vilkår over 76 % av samla utlånsvolum, og den samla delen av utlån frå IFADs regulære fond på slike vilkår utgjorde over 62 % frå fondet vart oppretta til og med 1996.

Geografisk har i overkant av ein tredel av IFADs regulære midlar gått til Afrika. Ein tredel av midlane har vorte bruka i Asia, medan resten har vore tilnærma likt fordelt på Latin-Amerika og Midtausten/Nord-Afrika. Afrika har hatt flest prosjekt, men Asia har fått overført ein relativt større del av IFADs midlar. I 1996 var halvparten av dei prosjekta som vart godkjende, lokalisert i Afrika sør for Sahara og utgjorde dermed nesten 42 % av utlåna i IFADs regulære program. Over 80 % av utlåna til afrikanske land er på særs gunstige vilkår.

Det har sidan starten vore ein føresetnad at IFAD i hovudsak skulle basere verksemda si på nært fagleg samarbeid med andre institusjonar. Dei fleste prosjekta er difor ikkje fullfinansierte av IFAD, men vert samfinansiert av ulike bilaterale og multilaterale gjevarar.

IFADs hovudformål er fattigdomsreduksjon og jordbruksutvikling for å løyse underliggjande problem som fører til manglande matvaretryggleik på hushaldningsnivå. IFAD fokuserer på dei fattige på landsbygda, først og fremst dei som ikkje eig jord, småbønder i marginale jordbruksområde, fiskarsamfunn, urfolk og nomadegrupper som har vorte trengde bort frå dei opphavlege områda sine. Ein stor del av prosjekta dreier seg om auke i landbruksproduksjon, betre husdyrhald, tilgang på kreditt, distriktsutvikling og irrigasjon. Prosjekta søkjer samtidig å leggje tilhøva til rette for at folk kan delta aktivt i utviklingsprosessen og å fremje kvinnenes økonomiske rolle. Særleg vert behova til fattige kvinner på landsbygda varetekne. Desse kvinnene utgjer ofte størstedelen av arbeidskrafta i familien samtidig som dei har ansvaret for matvaretryggleiken til hushaldninga.