St.prp. nr. 73 (2002-2003)

Om trygdeoppgjeret 2003

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2003 som følgje av dette.

I forslaget til regulering av grunnbeløpet har regjeringa lagt særleg vekt på to omsyn. Det eine er å sikre pensjonistane ei inntektsutvikling minst på linje med lønstakarane. Det andre er omsynet til det inntektspolitiske samarbeidet. Forslaget til G-regulering som no vert lagt fram saman med ein etterreguleringsklausul, gir etter regjeringas syn ei løysing som på ein tilfredsstillande måte tek omsyn til det.

Regjeringa drøfta regulering av grunnbeløpet med organisasjonane Norsk Pensjonistforbund, Landsorganisasjonen i Noreg og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i møter 27., 28., og 29. mai 2003. Frå regjeringa si side vart det lagt stor vekt på å kome fram til semje med organisasjonane i desse drøftingane. Det viste seg likevel ikkje å vere mogleg.

Regjeringa gjer framlegg om å auke grunnbeløpet med i alt kroner 2 374 frå kroner 54 170 til kroner 56 544 frå 1. mai i år. Det gir ei auke i gjennomsnittleg grunnbeløp frå 2002 til 2003 på 4,73 prosent og samsvarer med det som vart lagt fram for organisasjonane under drøftingane.

Etter framlegget vil pensjonen for dei einslege minstepensjonistane auke med kroner 4 260 pr år til kroner 101 400 pr år. For eit minstepensjonistektepar aukar pensjonen med kroner 12 984 pr år til kroner 180 192 pr år. Utrekninga tek omsyn til at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003.

Meirutgiftene for 2003 av auken i grunnbeløpet vert omlag 4 249 mill. kroner, inkludert reguleringa av statspensjonane pr 1. mai 2003, jf. St.prp. nr. 72 (2002-2003).