St.prp. nr. 74 (2003-2004)

Om trygdeoppgjeret 2004

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2004 som følgje av dette.

I forslaget til regulering av grunnbeløpet har regjeringa lagt vekt på å sikre pensjonistane ei inntektsutvikling minst på linje med lønstakarane. Forslaget til G-regulering som no vert lagt fram, tek etter regjeringa sitt syn på ein god måte omsyn til det.

Regjeringa drøfta regulering av grunnbeløpet med organisasjonane Norsk Pensjonistforbund, Landsorganisasjonen i Noreg og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i møte 26. og 27. mai 2004. Frå regjeringa si side vart det lagt stor vekt på å kome fram til semje med organisasjonane i desse drøftingane. Regjeringa, Norsk Pensjonistforbund og Landsorganisasjonen i Noreg vart samde om auken i folketrygda sitt grunnbeløp. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon valde ikkje å slutte seg til avtalen.

Regjeringa gjer framlegg om å auke grunnbeløpet med i alt kr. 1 917 frå kr. 56 861 til kr. 58 778 frå 1. mai i år. Det gjev ein auke i gjennomsnittleg grunnbeløp frå 2003 til 2004 på 3,89 prosent.

Etter framlegget vil pensjonen for dei einslege minstepensjonistane auke med kr. 3 444 pr. år til kr. 105 408 pr. år. For eit minstepensjonistektepar aukar pensjonen med kr. 9 048 pr. år til kr. 190 248 pr. år. Utrekninga tek omsyn til at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,8 G til 0,825 G frå 1. mai 2004.

Meirutgiftene for 2004 av auken i grunnbeløpet vert om lag 3 250 mill. kroner. I tillegg kjen auka utgifter til statspensjonane pr. 1. mai 2004, jf. St.prp. nr. 72 (2003-2004) Om lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2004 mv.