St.prp. nr. 75 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EUs Marco Polo II-program til fremjing av eit meir miljøvennleg godstransportsystem (2007–2013)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Marco Polo-programmet (forordning 1382/2003 av 22. juli 2003 om tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem) starta opp i 2003 og var opprinneleg meint å vare fram til 2010, med ei økonomisk ramme på 100 millionar euro for perioden 2003–2006. Programmet vart innlemma i EØS-avtala ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 65/2004 av 26. april 2004.

Frå og med 2007 er programmet erstatta av forordning 1692/2006 av 24. oktober 2006. Dette er eit nytt og utvida program for perioden 2007–2013 (Marco Polo II).

Deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak over fleire år. Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen er difor naudsynt i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i det nye programmet snarast råd i 2007, vert det lagt opp til at Stortinget sitt samtykke vert innhenta før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det er venta avgjerd i EØS-komiteen våren 2007.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsforordning 1692/2006/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.