St.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av rv 858 Ryaforbindelsen i Tromsø kommune i Troms

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjon fram forslag om utbygging og finansiering av rv 858 Ryaforbindelsen, som er ein undersjøisk tunnel mellom Balsnes og Larseng i Tromsø kommune. Fastlandssambandet erstattar riksvegferjesambandet Vikran - Larseng. Ryaforbindelsen vil betre kommunikasjonen internt i Tromsø kommune og mellom Tromsøområdet og delar av Balsfjord kommune. Sambandet vil leggje tilhøva betre til rette for både arbeidspendling og fritidsreiser mellom Tromsø og Malangshalvøya. Finansieringa av prosjektet er basert på innsparte ferjetilskot, statlege midlar, lokale tilskot og bompengar.